Elektronisk litteratur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIKULT203
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Elektronisk litteratur er skjønnlitteratur laga for datamaskina og Internett. Elektronisk litteratur fokuserer på språkkunst og poetikk, men har forbindingar til andre former for digital kultur som digital kunst og dataspel. I dette emnet vil studentane lese elektronisk litteratur som t.d. hypertekstfiksjon, digital poesi og teksteventyrspill ("interactive fiction"). Studentane vil òg studere teoretiske tekstar om og tolkingar av elektronisk litteratur.
Kreativ praksis er ein viktig del av emnet, og alle studentane vil delta i eit kollaborativt, elektronisk litterært verk kor ein anten skapar ein nettstad eller liknande frå botnen av eller modifiserer eit eksisterande verk ved å redigere programkode, tekst og bilete. Ein vil få undervisning i nødvendige tekniske ferdigheitar. Studentane vil òg få praktisk trening i å analysere elektronisk litteratur. Ein vil særleg diskutere korleis element som er vanlege i elektronisk litteratur, så som bilete, rørsle, tid og rom og interaktivitet verkar inn på teksterfaringa og lesarerfaringa, og korleis dette også problematiserer vår forståing av tradisjonell forteljing og lyrikk.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar ...
- om sjangrar innan elektronisk litteratur og deira historie
- om sentrale verk innan hypertekstfiksjon, digital poesi og interaktiv fiksjon
- om visuelle, kinetiske, temporale og interaktive trekk og deira funksjon i elektroniske forteljingar og poesi, og korleis desse problematiserer vår forståing av lesarrolla og skjønnlitteraturen generelt
- om elementære prinsipp innan programmering
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- nytte teoriar om elektronisk litteratur i eigne tolkingar av spesifikke verk
- skrive spesifikt for digitale medium
- drøfte korleis programkode og design kan vere element i skrivepraksis
Generell kompetanse
Kandidaten kan ...
- reflektere over eigen kreativ praksis og justere denne under rettleiing
- nytte kreative og akademiske formidlingsstrategiar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Dikult103, Dikult105, Dikult205.
Generelt gjeld at bachelorstudentane bør ha tatt alle emna på 100-nivå i Digital kultur før dei byrjar på 200-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde to førelesningar på to timar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.
Det er viktig at studentane deltar på orienteringsmøte i byrjinga av semesteret.
Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, då forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Nokre gongar vert det gitt lekser.
Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og heimeeksamen, og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).
Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til eiga lesing og førebuing til eksamen.
Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Studenten må delta i eit kollaborativt praktisk prosjekt.
Studenten må velje eit verk i elektronisk litteratur som han/ho presenterer munnleg for klassen og som han/ho skriv ei kritisk skildring på omlag 400 ord av.
Den skriftlege oppgåva må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon og sitering.
Dei obligatoriske oppgåvene (kollaborativt arbeid, presentasjonen og den skriftelege skildringa) må godkjennast av emneansvarleg før studenten kan gå opp til eksamen. Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåva i god tid før eksamen. Om oppgåva ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Læremidla vil vere ein kombinasjon av elektronisk litteratur og teoretiske tekstar rundt desse verka og rundt elektronisk litteratur generelt. Tekstane inkluderer bøker, artiklar og diverse nettressursar.
Den elektroniske litteraturen (verka) er tilgjengeleg på nett eller installert i Digital kultur sin datalab.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på førehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.