Praksisbasert bacheloroppgåve i digital kultur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIKULT250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisningsspråket er engelsk eller norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I dette emnet skal studentane fordjupe seg i eit sentralt emne innan digital kultur, gjennom arbeid med ei sjølvvald oppgåve (bacheloroppgåve). Problemstilling, opplegg og litteratur blir utarbeidd av studenten i samråd med rettleiaren.
Oppgåva skal vere eit praktisk prosjekt med rapport som plasserer oppgåva i ein større akademisk ramme. Eit praktisk prosjekt vil t.d. vere eit digital kunstverk, eit kritisk dataspel, webdesign-prosjekt, ein eksperimentell platform, anvendt teknologi, osv.
Oppgåva gir studentane høve til å fordjupe seg på det området som interesserer dei aller mest innan digital kultur og praksis.
Det blir gitt opplæring i reglar og normer for akademisk skriving.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar ...
- om eit sentralt tema innan Digital kultur
- om spesifikk anvendt teknologi
- om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- utvikle eit sjølvstendig teknologisk prosjekt
- demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
- skrive ein rapport som set eit sjølvstendig arbeid inn i ein akademisk kontekst
- Utvikle ein omfattande dokumentasjon av prosjektet for å vise fram relevante aspekt.
Generell kompetanse
Kandidaten kan ...
- fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
- planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig prosjekt
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er diskusjonsbasert og det blir forventa at studentane tek aktiv del i diskusjonar i klasserommet, og i presentasjonar i elektroniske fora som inngår i undervisningsopplegget.
Alle studentar skal presentere si eiga oppgåve undervegs i semesteret og gje tilbakemeldingar til medstudentar om deira oppgåve.
Det vil vere om lag 30 timar med undervisning.
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det innan fristen for semesterregistreringa.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Studenten må levere eit utkast og ein protoype av sitt arbeide for eksamen halvveis inn i semesteret. Dette må godkjennast av emneansvarleg.
Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med eige projekt. Første møte vil finne stad ved starten av prosjektet. Siste møte vil finne stad i samband med innlevering av siste utkast.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret
Vurderingsformer
Studenten leverer eit større prosjekt saman med ein rapport på omlag 2500 ord om dette prosjektet.
Studenten presenterer prosjektet på munnleg eksamen. Hovudvekta ligg på prosjektet og rapporten, medan den munnlege delen har justerande karakter.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneansvarleg lagar ei felles liste for emnet med artiklar, bøker og evt videoar og anna materiale.
Studenten vel sjølv kjelder til oppgåva i samråd med rettleiar. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.