Miljø- og ressursøkonomi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ECON116
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Folk blir sjuke av luftforureiningar og plagast av trafikkstøy. Bilistar som er direkte årsak luftforureining og trafikkstøy gjer ikkje det med vilje. Dei køyrar kanskje for å besøke sine venner eller foreldre. Slike skadar kallas negative eksternaliteter.
Eit kjernespørsmål i kurset er korleis menneske faktisk løyser slike eksternaliteter. Vil den usynlege handa i marknaden løysa eksternaliteter? Eller må den synlege handa til staten trå til? Eller er det en kombinasjon av dei to henda?
Kurset startar med ein gjennomgang av ei historisk utvikling i verda med vekt på økonomi, miljø og naturressursar. Deretter går kurset inn på økonomiske tenkemåtar.
Sentrale omgrep er marknader, arbeidsdeling, kostnader, etterspørsel og marknadsprisar. Andre sentrale omgrep er sosiale normer og eigedomsrett. Kurset tar opp sentrale omgrep knytt til miljøøkonomi som eksternaliteter, kollektive godar, allmenningens tragedie, fanganes dilemma og gratis passasjerproblemet. Sentralt i kurset er teori om korleis sosiale normer handterer eksternaliteter. Videre tar kurset opp verkemiddelbruk som miljøskattar, omsettelege kvotar for forureining og regulering.
Kurset legg òg vekt på økonomisk teori knyta til utnytting av fornybare ressursar som skog, fisk og vatn og ikkje-fornybare ressursar av olje, naturgass og kol.
Kurset blir knytt til aktuelle miljøpolitiske tema som utslepp av klimagassar og FNs bærekraftsmål.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- Skal ha kunnskap om historiske utvikling med vekt på økonomi, miljø og naturressursar.
- Har kjennskap til dei sentrale miljøspørsmåla som luftforureining og utslepp av klimagassar
- Kan gjera greie på sentrale omgrep i marknadsteori som frivillig byte, spesialisering og arbeidsdeling, kostnader, tilbod og etterspørsel, priser.
- Kan gjera greie på sentrale omgrep innanfor miljøøkonomi som eksternaliteter, kollektive gode, fangenes dilemma, allmenningens tragedie og gratispassasjerproblemet
- Kan gjera reie for teorier om sosiale normer og korleis det relaterer til eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie og gratispassasjerproblemet
- Kan gjera greie på ulike offentlege verkemiddel som Pigouskatter, omsettelege kvotar og miljøstandardar.
- Kan gjera greie på ulike private verkemidlar som Coase forhandlingar og korleis sosiale normer utviklast for å handtere miljøproblem.
- Kan forklare sentrale omgrep som ressursrente og ressursknappheit.
Ferdigheiter
Studenten
- Skal vera i stand til å analysera og formidla samanheng mellom miljø og økonomi.
- Kan gjere reie for sentrale omgrep innan økonomi som frivillig byte, kostnader, etterspørsel og prisar.
- Kan gjere reie for sentral omgrep i miljøøkonomi som eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie og fangens dilemma
- Kan gjere reie for sosiale normer og korleis dei kan håndtere eksternaliteter og gratispassasjerproblemet
- Kan gjere reie for offentlege verkemiddel som miljøskatter (Pigou-skatter), omsettelege kvoter og miljøstandarder.
- Kan gjere reie for private verkemidlar som Coase forhandlingar og eigedomsrett.
- Kan gjere reie for prinsipp for samfunnsøkonomisk utvinning av ikke-fornybare ressursar som olje, gass og kull og fornybare ressursar som fisk og skog.
- Kan drøfta aktuelle miljøpolitiske tema som FNs berekraftsmål og utslepp av klimagass.
Generell kompetanse
Studenten
- skal vera i stand for å gjera reie for forskjellen på «topp-ned» tankemåte og «nedanfrå og opp» tankemåte i tilnærminga av kollektive problem.
- skal vera i stand til å gjera reie forskjellen på forsking med mål med å søkje sanning og kunnskap og forsking med ein politisk agenda som mål.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av utkast av dei to første oppgåvene i mappa. Desse to utkasta må vere godkjende.
For å få godkjend eit utkast må det vere utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svare på størsteparten av oppgåva. Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvar av dei to utkasta.
Dersom oppgåva skal leverast som podcast kan utkasta vere skriftlege.
Vurderingsformer
Mappevurdering med tre oppgåver.
Kvar av oppgåvene kan skrivast ålene eller i ei gruppe på maks 3 studentar. Oppgåvene kan leverast skriftleg eller som podcast. Til karaktervurdering av emnet trekkes det ut ein av dei tre oppgåvene. Det er den same oppgåve for alle studentar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.