Makroøkonomisk analyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet i kurset er å gi innsikt i viktige tema innanfor moderne makroøkonomisk teori. Vi ser blant annet på konsum og sparing, arbeidsløyse, inflasjon, konjunktursyklar, og finans- og pengepolitikk.

Kurset legger særleg vekt på det mikroøkonomiske fundamentet for makroøkonomisk teori. Vi studerer formelle modeller som kan løysast analytisk, og der tolking av løysningane gir intuisjon om temaet for modellen.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten har avansert kunnskap om ...

  • teoriar for konsum, sparing og investering
  • grunnleggande teori for generell likevekt
  • realkonjunkturteori
  • ny-keynesiansk teori

Ferdigheiter

Kandidaten har avanserte ferdigheiter i å forklare ...

  • intertemporale val om konsum, sparing, arbeidstilbod og investering samt korleis disse valgene blir påverka av skatt og renter
  • korleis likevekt i pengemarknaden oppstår samt korleis myndigheitene kan påverke denne likevekta
  • årsakene til og konsekvensane av konjunktursyklar
  • korleis myndigheitene kan påverke priser, inflasjon og produksjon gjennom finans- og pengepolitikk

Generell kompetanse

Kandidaten har avansert kompetanse i å ...

  • løyse økonomiske modeller med optimerande agentar
  • hente økonomisk intuisjon ut frå matematiske uttrykk
  • vurdere fordeler og ulemper ved ulike antagelser i modeller

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Studenter må ha fullført ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, Integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminarundervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjent innleveringsoppgåve. I godkjenninga kan både skriftleg og munnleg presentasjon inngå.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.