Strategisk bedriftsåtferd og marknadsmakt

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset gir ei oversikt over teoriar for oligopol og lærer studentane korleis de skal analysere og anvende viktige spillteoretiske modeller for strategisk interaksjon i marknader med imperfekt konkurranse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten har kunnskap om...

  • Dei grunnleggjande formene av ufullkommen konkurranse, både i eit statisk og dynamisk perspektiv
  • Årsakar til, og effektar av, endringar i marknadsstruktur - til dømes som følgje av etablering, utestenging eller fusjon
  • Korleis asymmetrisk informasjon og usikkerheit kan påverke bedrifters strategiske åtferd og tilpassing
  • Bedrifter sine val av investering i ulike situasjonar, til dømes i forsking og utvikling, produkteigenskapar eller marknadsføring
  • Vertikale avtaler og vertikale bindingar, og den konkurransepolitiske handsaminga av desse

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan tileigne seg analytiske ferdigheter for å modellere imperfekt konkurranse
  • Kan lage og løyse enkle modeller for imperfekt konkurranse eigna til å analysere konkrete og verkelege konkurransepolitiske problemstillingar

Kompetanse

Kandidaten...

  • Kan lese og forstå forskingsrapportar og vitskaplege artiklar som nytter omgrep og metodar undervist i kurset
  • Kan nytte kunnskapen i kurset i eige akademisk arbeid, til dømes i forbindelse med masteroppgåva i samfunnsøkonomi.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Ujamt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med ECON365
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
18 førelesningar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innleveringsoppgåve.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.