Aktivitet og kost er medisin

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studentane skal kunne tilby pasientar konkrete råd om korleis fysisk aktivitet og trening kan fremme helse og gje ein introduksjon til tema innan idrettsmedisin.

Emnet aktivitet er medisin skal formidle forståing for at aktivitet kan nyttast som eit dokumentert verkemiddel for å førebygge og behandle dei fleste sjukdomstilstander. Kurset har som mål å gje studentane praktisk erfaring med endringsarbeid ved å møte pasientar som treng tilrettelegging for økt aktivitet. Dei vil treffe pasientar i klinikken som er egna for rettleiing. Kurset tek utgangspunkt i pasienthistorier som studentane skal jobbe med i grupper ved å lage ein aktivitetsplan/treningsopplegg. Planen/oppgåva vert presentert som gruppeoppgåve siste kursdagen.

Studentane vil også få ei innføring i idrettsmedisin med døme på kva som disponerer for skadar og behandlingsprinsipp for desse. Kurset omhandlar også vanlege utfordringar hos idrettsaktive og mosjonistar, i tillegg til prinsipp innan førebygging med praktisk workshop.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten kan gjere greie for

  • generelle effektar av fysisk aktivitet
  • generelle anbefalingar om fysisk aktivitet
  • gjere greie for korleis ein kan teste fysisk form på ulike pasientgrupper
  • endring av levevanar som ein prosess og generelle prinsipp for endring
  • Prinsipp for førebygging av idrettsrelaterte plager

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • demonstrere øvingar som kan nyttast ved dei vanlegaste sjukdomar
  • Lage eit treningsprogram for ein pasient med eit vanleg helseproblem
  • Gjennomføre ein motiverande samtale med ein pasient

Generell kompetanse

Studenten skal vise forståing for at

  • ein lege som jobbar med endring av livsstil hos ein pasient må jobbe etter ein pasientsentrert metode
  • endringsarbeid og øvingar må tilpassast den enkelte pasient
  • livsstilsarbeid er egna for tverrprofesjonelt samarbeid

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar.

Krav til studierett
Medisinstudiet eller maststudiet i klinisk ernæring
Arbeids- og undervisningsformer

4 dagar er satt av til praksisbesøk som rehabiliteringsinstitusjon eller Frisklivssentral, studenten må delta på 3 av desse. Ved besøka skal studenten få innføring i arbeidsmetodar, møte pasientar samt få praktisk trening i å samtale med pasientar om livsstilsendring med fokus på økt fysisk aktivitet. Det er ønskelig at alle studentar får delta på trening av pasientar og også være med å leie ein aktivitetsøkt. På praksisbesøk vil studentane møte tilsette frå ulike fagfelt som fysioterapeutar, psykologar, sjukepleiarar og treningsrettleiarar.

Det er sett av ein dag med tema idrettsmedisin og 1/2 dag med praktisk workshop innan førebygging.

Introduksjonsdag og oppsummering siste dag er også obligatoriske dagar.

Tal på deltakarar (studentar)

Minimum: 15

Maksimum: 25

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kurset krev at studenten deltek på introduksjon og oppsummering samt minst 3 av 4 utplasseringar.

Kvar student skal delta på eit gruppearbeid kor ein skal lage et forslag til aktiviteter som er høveleg for ein gjeven pasient. Oppgåva skal presenterast på oppsummeringsdagen.

Alle gruppene må være tilstade heile presentasjonsdagen. Presensliste vert distribuert.

Den einskilde student må kunne gjere greie for eige bidrag til oppgåvearbeidet.

Vurderingsformer

Presentasjon av treningsprogram siste kursdag.

Studenten skal arbeide med ein gruppeoppgåve som blir tildelt første uke. Felles for oppgåvene er utgangspunkt i ein pasient med ein nærare definert problemstilling som treng rettleiing for å auke eigen aktivitet.

Oppgåva presenteras siste kursdag av samla gruppe ved ein kombinasjon av presentasjon av kasuistikk og praktisk presentasjon av eit treningsopplegg for denne pasienten.

Ein sides presentasjon av oppgåva lastast opp i Mitt UiB seinast dagen før (kl 2000) presentasjonen slik at den er tilgjengelig for rettleiar

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emneevaluering
Kvart 3. år