Global tuberkuloseepidemiologi og intervensjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei oversikt over den epidemiologiske situasjonen for tuberkulose i verda, og intervensjonar som blir brukt for å kontrollere sjukdomen.

Innhald:

Kurset er eit internett-basert kurs med undervising, øvingar og eksamen på nettet. Følgjande tema vert tatt opp: TB historie og epidemiologi, patogenese, diagnostikk, behandlingsprinsipper, strategi for behandling og oppfølging, resistens mot medikament og hans betyding for kontroll, strategiar for førebygging, effekten av HIV på TB, globale strategiar for kontroll av TB, sosioøkonomiske utslag av TB.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • kjenner dei viktige historiske milepålane i handsaming av TB
  • forstår dei viktige epidemiologiske transisjonane i TB
  • forstår basal patogenese i sjukdomsutvikling i TB
  • kan beskrive symptom og teikn hjå TB pasienten
  • kjenner rolla til laboratoriet i diagnostikken og kontroll av TB
  • forstår prinsippa for kjemoterapi for TB
  • kan beskrive korleis resistens mot kjemoterapeutika kan utviklast og korleis det kan bli monitorert og korleis det kan unngåast.
  • kan greie ut om korleis multidrug-resistens påverkar TB epidemien i verda.
  • kan greie ut om korleis HIV påverker TB epidemien i verda.
  • kan beskrive dei sosioøkonomiske effektane av TB for pasientar
  • forstår kva rolle førebygging har i den globale kontrollstrategien for TB

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere viktige risikofaktorar for eksponering, for infeksjon, og for TB sjukdom.
  • kan identifisere ein pasient som kan ha TB og bør undersøkjast
  • kan vurdere viktigheita av diagnostiske metodar og deira svakheiter
  • kan tolke og vurdere data frå laboratoriet for å vurdere mikroskopitenestene i TB kontrol
  • kan diskutere og tolke data i behandlingsregisteret og identifiserer pasientar som ikkje kjem tilbake regelmessig for å hente medisin

Generell kompetanse

Studenten:

  • veit korleis ein kan førebyggje ein smittsam sjukdom ved å nytte folkehelsestrategiar, og kan kommunisera denne informasjonen.
  • har kompetanse til å vurdera situasjonen for TB globalt og nytta denne kunnskapen for å betre kontrollen av TB.
  • forstår nytta av nasjonale TB-program og andre globale aktørar for TB-kontroll.

Undervisningssemester

Vår, enten dei to første vekene eller dei to siste vekene av den elektive perioden. Den elektive perioden er dei fire første vekene av vårsemesteret.
Krav til forkunnskapar
  • Minst 3 år på medisinstudiet
  • Forstår engelsk
  • Basal kunnskap om mikrobiologi, immunologi og patologi
  • Studiepoengsreduksjon
    Krav til studierett
    Medisinstudiet i Bergen (etter fullført 3 år)
    Arbeids- og undervisningsformer

    Heile kurset går på internett. Heile kurset 3 ECTS = 90 arbeidstimar fordel på:

    Førelesingar 30 timar

    Individuell lesing 30 timar

    Arbeid individuelt og i grupper 30 timar

    Kurset er sett saman av førelesingar på internett, lesing av tilhøyrande lesestoff (sjå liste med tematikk under) og arbeid (individuelt og i grupper). Viktige prinsipp har relaterte øvingar basert på kliniske og epidemiologiske scenario, vurdering av artiklar, korte oppgåver for individuelt arbeid. Det blir gitt øvingar med internasjonale TB programregister. Det er utvikla nettbasert diskusjonsforum som studentane er oppfordra til å delta i, og som vert følgt av emneansvarlege.

    Førelesingane vert i mange høve etterfølgt av quiz med fleirvalsspørsmål de korrekte svar og forklaringar kjem umiddelbart.

    Læredelane er som følgjer:

    1) Historiske perspektiv og TB epidemiologi,

    2) Korleis utviklar TB seg hos menneske;

    3) Korleis presenterer TB sjukdom seg hjå menneske;

    4) Kva rolle har laboratoriet i diagnose og global kontroll av TB behandling;

    5) Prinsipp for TB behandling, betydninga for den globale TB epidemien av utviklinga av resistens mot kjemoterapeutika;

    6) Sosioøkonomiske og kulturelle aspekt ved TB;

    7) Styring av den globale kontrollen av tuberkulose

    Deltakerantall: min 10 og maks 50 studentar.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Studenten må svare på quizzane og levere oppgåver
    Vurderingsformer

    Vurdering av individuelt arbeid, deltaking i gruppearbeid.

    Skriftleg heimeeksamen på internett som består av fleirvalsoppgåver og nokre tekstoppgåver.

    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått