Økonomistyring i helsesektoren

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Styring i helsesektoren og i helseføretak er utfordrande. Organisasjonane er komplekse, og dei krev høg profesjonell kompetanse hos utøvarane. Helseinstitusjonane er svært store, og mange har einingar spedt utover store geografiske område. I tillegg skjer tenesteleveransane mellom institusjonar, som krev koordinering både horisontalt og vertikalt. Statleg eigarstyring inneber også eigarkrav og politisk styrte rammevilkår som lovar, reglar og finansieringsmodellar i stadig endring. Desse rammevilkåra påverkar helseføretaka si tilpassing og leiarar sitt handlingsrom.

Helsesektoren er ressurskrevjande og den har ein viktig plass i dei offentlege budsjetta, i politikken og i debattane. Anvender vi ressursane på ein god måte? Dette spørsmålet dreier seg både om å gjere dei rette tinga og å gjere tinga riktig, det vil si å organisere drifta slik at kvar pasient blir behandla med høg kvalitet og høg kostnadseffektivitet. Dette gir to perspektiv på styring, det samfunnsøkonomiske og det bedriftsøkonomiske. I dette kurset vil begge bli drøfta, men det er ein hovudvekt på det bedriftsøkonomiske perspektivet.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten kan gjere greie for

  • Det bedriftsøkonomisk og det samfunnsøkonomiske perspektivet på styring
  • Korleis vi kan forstå økonomistyring i helseføretaka?
  • Ulike måtar å forstå økonomisk informasjon
  • Forklare styringssirkelen
  • Ulike finansieringsmodellar som nyttast i helsesektoren
  • Kostnadsdrivarar og kostnadsstruktur i helsesektoren
  • Kalkylemodellar
  • Regnskapsbasert styringsinformasjon i helseføretaka
  • Korleis ressursbruk i helsesektoren kan målast og evaluerast
  • Korleis finansieringssystemet kan nyttast som styringsverktøy

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Bruke bedriftsøkonomisk terminologi
  • Gjere kostnads- og flaskehalsanalysar
  • Identifisere kostandsdrivarar til bruk i aktivitetsbasert kostnadskalkulasjon
  • Bruke rekneskap til prestasjonsmåling

Generell kompetanse

  • Dette emnet vil gi deg som student relevant og grunnleggande kunnskap om bedriftsøkonomiske omgrep og tenkemåtar til bruk i helsesektoren

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet frå 6. semester
Arbeids- og undervisningsformer
  • Forelesningar
  • Lese litteratur og delta i diskusjonar av litteratur
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Ingen
    Vurderingsformer
    Heimeeksamen
    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista er i Leganto
    Emneansvarleg
    Professor Oddvar Kaarbøe