Grunnleggjande reservoarfysikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENERGI261
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om berre norskspråklege deltek.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentar interessert i Energi- og petroleumsteknologi, samt energiomstilling og CO2 lagring, eit godt og breitt grunnlag i omgrep og likningar for fleirfasestraum i porøse medium (olje- og gassreservoar). Emnet skal gje eit fagleg fundament for å forstå olje- og gass sin plass i noverande og framtidig energiforsyning og vise korleis petroleumsproduksjon kan endrast mot ein meir karbonnøytral energiproduksjon. Emnet gir oversikt over alternative energikjelder for framtida og relevant kunnskap omkring CO2 lagring og energiomstilling.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i generell reservoarfysikk med vekt på dei fysiske prosessar som ligg til grunn for petroleumsproduksjon. Grunnleggjande petrofysiske omgrep og likningar som blir gjennomgått er absolutt og relativ permeabilitet, fuktpreferansar, kapillartrykk, kjerneanalyse og brønnlogging. Det bli diskutert og framlagt ulike teknologiar for optimalisert produksjon av petroleum. Nye teknologiar for reduksjon av karbonavtrykk i petroleumsproduksjon, inklusivt CO2 fangst og lagring (CCUS) blir særleg vektlagt. Alternative energiressursar vil bli presentert og diskutert i lys av olje- og gass produksjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ved fullført emne skal studenten kunne:
- greie ut om sentrale tema innan reservoarfysikk
- forklare eigenskapar ved porøse medium, med fokus på olje- og gassreservoar
- beskrive fleirfasestraum i porøse medium med hovudvekt på oljeproduksjon
- gjere greie for innverknad på straum i porøse bergartar frå parametrar som permeabilitet, trykk, temperatur, kapillartrykk, relativ permeabilitet og fuktpreferanse
- forklare prinsippa ved brønnlogging
- gje framtidsperspektiva for korleis petroleumsproduksjon blir del av energimiksen
- presentere nye teknologiar for olje- og gassproduksjon for lågkarbon energiproduksjon med CO2 fangst og lagring (CCUS)
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- beherske og forstå matematiske og fysiske beskrivelsar av fleirfasestraum i porøse mediar
- gjennomføre analyse av olje- og gass produksjon
- bidra til gjennomføring av økt oljeutvinningsprosjekter
- bidra til utvikling av berekraftige teknologiar for lågkarbon energiproduksjon frå petroleumsressursar
Generell kompetanse
- Studenten skal kunne forstå og gje bidrag til aktivitetar for drift og produksjon av olje- og gassreservoar.
- Studenten skal kunne bidra i energiskiftet mot meir berekraftig energiproduksjon frå fossile energikilder.
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Master
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar
Aktivitet/ Tal på timar pr. Veke: 3
Aktivitet/ Tal på veker: 14
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Munnleg eksamen