Simulering av fleirfasestrøyming i porøse media

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane eit godt innblikk i heile arbeidsflyten frå behandling av strøymingsresultat frå laboratoriemålingar, via simulering for kvalitetskontroll av desse, til generering av data til bruk i feltmodellar for reservoarsimulering av olje- og gassproduksjon og lagring av CO2. Emnet skal gje studentane eit teoretisk fundament i black oil modellen og innføring i simuleringsverktøy for porøse media. Ulike typar fortrengingar blir dekka, samt relativ permeabilitet og kapillartrykk og standardkorrelasjonar for skildring av desse. Kurset fokuserer i hovudsak på sjølvstendig arbeid med simuleringsverktøy og skriftlege og munnlege vurderingar av resultat.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

KunnskaperVed fullført emne skal studenten kunna:

  • forstå teori bak reservoarsimulering, og simulering generelt
  • forstå skilnader på globale og lokale løysningar på eit simulert resultat og usikkerheiter hefta med simulering
  • black oil modellen
  • ha kunnskap om teknikkar for oppskalering frå kjerneskala til feltsskala
  • forstå heile prosessen frå innhenting av laboratoriedata, til simulering og kvalitetskontroll, til oppskalering for reservoarsimulering for CO2 lagring og utvinningsprosessar

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten:

  • meistra simulering av ulike væskefortrengingar på kjerneskala
  • ha evner til å gjera eigenevaluering av kvalitetskontroll på simulerte resultat
  • være i stand til å setja opp ein modell for oppskalering

Generell kompetanse

Studenten skal kunna:

  • sjå heilskap frå laboratoriemålingar til reservoarmodell
  • være rusta til å forstå behovet for kvalitetssikring av laboratoriemålingar og korleis desse resultata blir vidare brukt til betre forståing av reservoarmodellar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vårsemester

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PTEK211, PTEK214, PTEK212
Studiepoengsreduksjon
PTEK215: 10 studiepoeng
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og laboratorieøvingar.

Førelesningar, 2 timar i veka i 10 veker.

Laboratoriearbeid, 4 timar i veka i 6 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på førelesningar og laboratorieøvingar.

Laboratorierapportar.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Laboratorierapportar, 30 % av karakteren.
  • Munnleg presentasjon av prosjektoppgåve, 20 % av karakteren.
  • Munnleg eksamen, 50 % av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Uregelmessig
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemidler er tillatt.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ift.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet og Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.