Engelsk 2a: Utvikling av danning og interkulturell kompetanse i engelskfaget

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Målet med emnet er at studentane skal vidareutvikle innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensial, med eit særskilt fokus på korleis ein kan jobbe med forskjellige kulturuttrykk i eit kultursperspektiv. Emnet skal formidle forståing for teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur og språklæring. Studentane skal kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk og generelt til å vidareutvikle sin eigen faglege og didaktiske kompetanse. Emnet er relevant for lærarar både i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Innhald:

Emnet tar opp tema som

Kommunikasjon

  • Eigen og elevar sin munnlege, skriftlege og multimodale tekstproduksjon

Språklæring

  • Utvikling av eige og elevar sitt språkrepertoar

Møte med engelskspråklege tekstar

  • Danning og interkulturell kompetanse
  • Arbeid med tverrfaglege tema (helse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap)

Engelskspråkleg litteratur, film og andre kulturuttrykk i eit kulturperspektiv

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har utvikla sin eigen kommunikative og tekstlege kompetanse i engelsk for å kunne leggje til rette for god undervisning og rettleiing i å kommunisere via eit breitt spekter av sjangrar og kommunikasjonsformer
  • har utvikla sin interkulturelle kompetanse og tileigna seg innsikt i sosiale og politiske problemstillingar frå ulike kontekstar og samfunnsforhold gjennom møte med eit breitt og variert spekter av engelskspråklege tekstar (skriftlege, munnlege, multimodale tekstar som noveller, dikt, artiklar, filmar, musikk m.m.)

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk forskingsbaserte strategiar for språklæring og kommunikasjon for å utvikle eigen kompetanse i engelskfaget
  • har utvikla sin språk- og tekstkompetanse gjennom presentasjonar, diskusjonar, variert tekstproduksjon i ulike media, og deltaking i vurderingssituasjonar
  • kan ta i bruk ulike strategiar for å utvikle eige og elevar sine språkrepertoar gjennom møtet med engelskspråklege tekstar
  • kan i lys av teori reflektere over og utforske korleis eleven sin interkulturelle kompetanse vert utvikla gjennom møter med tekst, og drøfte korleis kritisk tenking kan verte fremja i engelskklasserommet, særleg i lys av eit breiare danningsperspektiv og det tverrfaglege temaet demokrati og medborgerskap.
  • kan utvikle eigne undervisningsopplegg og kritisk drøfte og evaluere eigne og andre sine undervisningsopplegg i engelskfaget.

Generell kompetanse

Studenten

  • Har innsikt i teoretiske og didaktiske problemstillingar knytt til bruk av litterære tekstar og andre kulturuttrykk i undervisninga
  • Kan planleggje og gjennomføre relevant undervisning som fremjar elevane sin språklege og interkulturelle kompetanse med utgangspunkt i eit variert tilfang av litterære tekstar og kulturuttrykk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert undervisning.
Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.

Tilrådde forkunnskapar
All undervisning skjer på engelsk og føreset gode engelskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet har tre fysiske samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret. I tillegg arbeider studentane individuelt med nettbaserte læringsressursar som til dømes videoar, podkast og liknande, og med nettbasert refleksjons- og erfaringsdeling med medstudentar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vere til stades på minst 80% av dei tre samlingane og nettbaserte undervisningsaktivitetar.

Emnet har to obligatoriske aktivitetar:

  • Munnleg screencast-presentasjon av eit undervisningsopplegg, med feedback via Zoom i gruppa. Godkjent/ikkje godkjent.
  • Førsteutkast til semesteroppgåve som vert presentert kort, med medstudent som peer reviewer. Godkjent/ikkje godkjent.

I tillegg pliktar studenten å møte til rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Ei rettleidd semesteroppgåve på 4000 ord (tilsvarande ca 12 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Ved eksamen i det følgjande semesteret leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.