Engelsk fagdidaktikk (i Erfaringbasert master i undervisning med fordjupning i engelsk)
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENGMAU643
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som målsetjing å gi studentane eit fagleg grunnlag for den fagdidaktiske masteroppgåva og ei innføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor desse hovudområda:
- Engelskfaget si legitimering og eigenart
- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
- Strategiar for språkkompetanse
- Tekstforståing og læringsprosessar
- Rettleiing og vurdering
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om engelskfaget si utvikling og innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
har innsikt i engelsk som danningsfag og ferdigheitsfag
- har kjennskap til teoriar om språk, språklæring og kommunikasjon
- har innsikt i språk, tekst og sjanger og kan sjå desse i eit kulturperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan undersøke læring i eige klasserom i engelskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og kan presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
- kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skolefaget, og kan grunngi val og vurderingar i samsvar med eige fagsyn
- kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kan vurdere elevane sitt læringsutbytte
Generell kompetanse
- kan uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk innanfor fagfeltet
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
For å kunne gå opp til eksamen i engelsk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av dei obligatoriske arbeidskrav framgår av semesterplanen.
Rettleiing frå faglærar på semesteroppgåva er obligatorisk.
Vurderingsformer
Eksamensforma er ei rettleia semesteroppgåve på 4000 ord der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner foroppgåva vert gitt i studiet.
Oppgåva vert skriven på engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad.
Institutt for framandspråk gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet.