Prioritering og styring i offentleg sektor

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteremnet Prioritering og styring i offentleg sektor gir eit samfunnsøkonomisk perspektiv på korleis offentleg forvaltning kan bidra til at samfunnets ressursar blir utnytta på best mogleg måte. Emnet er ein del av fem frittståande emne i Erfaringsbasert master i offentleg forvaltning. Dette er eit nytt masterprogram som er utvikla av UiB og NHH Executive i fellesskap og som rettar seg mot erfarne medarbeidarar og leiarar i departementsfellesskapet og i departementa sine underliggjande verksemder.

 

Sentrale tema

Offentleg forvaltning og statseigde foretak disponerer store ressursar på vegner av det norske samfunnet. Det er difor viktig at beslutningstakarane på alle nivå har insentiv til å ta gode og effektive val i tråd med overordna mål og prioriteringar. Den første delen av emnet handlar om insentiv for offentlege beslutningstakarar og utfordringar som kan oppstå når oppgåver blir delegerte, til dømes innanfor viktige sektorar som samferdsle, utdanning, helse og energi.

Ein viktig føresetnad for effektiv ressursutnytting er gode og transparente prosessar for å ta det beste valet mellom ulike prosjekt eller løysingar. Andre del av emnet ser på korleis viktige aspekt som samfunnsøkonomisk effektivitet, berekraft og fordeling kan inngå i prosjektvurderingar i offentleg sektor. Denne delen gir djupare kunnskap i nyare forsking og teori om mellom anna nytte-kostnadsanalyse som verktøy for å ta gode beslutningar.

Offentlege verksemder opererer ofte side om side med andre statlege føretak eller private bedrifter. Eit stort og viktig spørsmål er difor korleis interaksjonen mellom offentlege og private aktørar bør styrast og regulerast. Den tredje delen av emnet belyser dette spørsmålet ved hjelp av økonomisk teori og case-studiar, og vil leggje særleg vekt på regelverk for konkurranse og anbodsprosessar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten har kunnskap om ...

  • økonomiske problemstillingar som bør vurderast og takast omsyn til i offentlege prosjekt
  • insentiv for offentlege beslutningstakarar og korleis ulike omsyn kan balanserast
  • korleis interaksjonen mellom offentlege og private aktørar bør styrast og regulerast

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

  • både bidra til å utarbeide nytte-kostnadsanalysar og vurdere gjennomførte nytte-kostnadsanalysar
  • drøfte styrkar og svakheiter ved ulike insentivordningar i offentleg sektor
  • drøfte utforminga av anbudskonkurransar

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • analysere metodiske problemstillingar knytte til prioritering og styring i offentleg sektor
  • bidra med økonomisk kompetanse og samarbeide med fagfolk i ulike tverrfaglege prosjekt
  • formidle analysar av økonomiske problemstillingar i offentlege prosjekt

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og Oslo
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
ingen
Krav til studierett
Opptak gjennom UiB videre
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er eit samlingsbasert deltidsstudium over eitt semester, som vil starte første gong hausten 2024. Emnet består av tre fysiske studiesamlingar, totalt seks dagar. Det blir forventa at studentane deltek på alle undervisningsaktivitetane.

Samlingane kombinerer førelesingar, løysing av oppgåver, erfaringsutveksling og diskusjonar om faglege case i mindre grupper. Gruppene vil vanlegvis vere tverrfaglege og/eller sett saman av studentar frå ulike departement og underliggjande verksemder. Erfaringslæring og praktisk bruk av teori og modellar utgjer ein viktig del av den pedagogiske tilnærminga, og det blir lagt til rette for at studentane både kan nyttiggjere seg eigen erfaring og lære av kvarandre knytt til dei sentrale tema og faglege problemstillingane i emnet.

Det blir nytta problem- og casebaserte undervisningsformer, med særleg vekt på at studentane anvender teori og kunnskap på verkelighetsnære problemstillingar og reelle case relatert til prioritering og styring i offentleg sektor.

Før samlingane jobbar studentane på eiga hand og/eller i mindre grupper med ulike læringsaktivitetar, som mellom anna å sjå undervisningsvideoar, lese litteratur, svare på quizer, jobbe med caseoppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
ukjent
Vurderingsformer
Studentane vert vurderte gjennom ei gruppebasert prosjektoppgåve som blir levert etter den siste studiesamlinga. Prosjektoppgåva vil vere knytt til tema som blir gjennomgått i løpet av kurset.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått. 
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlisten vil være klar innen 01.07 for det kommende semesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med retningslinjer for evaluering av emner ved Universitetet i Bergen v/Institutt for økonomi. 
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet