Fransk litteraturvitskap
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FRAN312
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Fransk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar:
Studenten
- har utvida kunnskap om fransk litteratur og kan bruke ulike analytiske perspektiv på litterære tekstar
- har djupnekunnskap om eitt til to sentrale verk i fransk litteraturhistorie
Dugleik:
Studenten
- kan diskutere forholdet mellom ulike litterære tekster på fransk, med ei kritisk tilnærming til tekstane
Generell kompetanse
Studenten
- Meistrar akademisk framstilling på fransk munnleg og skriftleg
- har evne til å strukturere og formulere idear klart og innsiktsfullt på fransk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir gjeve førelesingar, seminar og gruppeundervisning i om lag 12 veker. Studentane skal sjølve delta aktivt i undervisninga, til dømes ved å leggje fram eller diskutere artiklar, eigne analysar eller anna fagstoff.
I hovudsak blir det nettbasert undervisning i samarbeid mellom UiB og NTNU.
Det kan også bli noko felles fjernundervisning for studentar i NORPART-masterløpet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunna ta eksamen i emnet må studentane;
1. halde ein munnleg presentasjon på 15 minutt over ei sjølvvald problemstilling i tilknyting til pensum.
2. levere eit skriftlig arbeid på ca. 800 ord: eit resymé av ein pensumartikkel der oppbygninga av artikkelen og argumentasjonen blir vektlagt. Oppgåva skal òg innehalde ein avsluttande kritisk del som diskuterer styrkar og svakheiter i artikkelen.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ei tre vekers oppgåve med oppgitt tema på om lag 3000 ord. Heile eksamen skal skrivast på fransk.
Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Artikkelsamling med teoritekstar, samt ein eller to romanar og eventuelle adaptasjonar.
Artikkelsamlinga vil vere tilgjengeleg i Litteraturkiosken: litteraturkiosken.uib.no
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.