Fransk språkvitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet inneheld følgjande komponentar:

- Fransk grammatikk (2/3 av emnet)

- Variabelt språkvitskapeleg tema (1/3 av emnet).

Arbeidet med grammatikk og andre språkvitskaplege tema skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

¿ har kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk

¿ har innsikt i tilnærmingar til studien av språkbruk eller språklæring

Dugleik

Studenten

¿ er i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk

¿ er i stand til å diskutera ulike teoriar om språkbruk eller språklæring og trekke teoriane inn i eigne analysar

¿ er i stand til å analysere setningsstrukturar og forskjellige aspekt ved språkbruk eller språklæring

Generell kompetanse

  • Studenten har eit grunnlag for å arbeide med moderne fransk grammatikk og teoriar om språkbruk eller språklæring på ein vitskapeleg måte

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og Trondheim
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir utteljinga i studiepoeng for FRAN302, FRAN306, FRAN310, FRAN309, FRAN309L, FRAN311, og FRAN313L redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN313.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogram i fransk ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve førelesingar, seminar og gruppeundervisning i om lag 12 veker. Studentane skal sjølv delta aktivt i undervisninga, for eksempel ved å leggje fram eller diskutere artiklar, eigne analysar eller anna fagstoff.

I det vesentlege blir det nettbasert undervisning i samarbeid mellom UiB og NTNU.

Det kan også vere noko felles undervisning med studentar ved ENS i Yaoundé i Kamerun.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane;

1. få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk som blir gitt i samband med undervisninga.

2. delta på eit seminar om vitskapleg kjeldebruk, i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ei tre vekers oppgåve med oppgitt tema.

Oppgåva omfattar to tema: Grammatikk på om lag 2000 ord og anna språkvitskap på om lag 1000 ord. Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.

Oppgåva skal skrivast på fransk.

Grammatikk tel 2/3 og språkvitskap tel 1/3 av samla karakter.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Grammatikk: om lag 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk, mellom 50 og 100 sider språkvitskapleg teori.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.