Kvantitativ metode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Målet med emnet er å gi ei innføring i kvantitative metodar som er relevante for både natur- og samfunnsgeografer, samt gi ei opplæring i bruk av programvare som kan nyttast til analyse av kvantitative data.

Innhold

Emnet tar for seg metodar som blir brukt innan geografifaget ved analyse av kvantitative data. Dette inkluderer deskriptiv statistikk, sannsynlighetsfordelinger, hypotesetesting, korrelasjons- og regresjonsanalyse, samt en introduksjon til multivariat analyse. Studentene vil få en innføring i praktisk bruk av kvantitative metoder gjennom seminarer/datalaber der ekte datasett vil bli brukt som eksempler.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for kva som definerer kvantitative data, korleis dei blir samla inn og kva dei kan brukast til.
  • har god kunnskap om deskriptiv statistikk.
  • har oversikt over analysemetodar som blir brukt til å sjå på samanhengar mellom ulike typar variablar og datasett.
  • har grunnleggande kunnskapar om multivariat analyse.

Ferdigheter

Studenten

  • beherskar grafisk framstilling av data.
  • kan gjennomføre grunnleggande kvantitativ analyse i eit relevant statistikkprogram
  • kan sette opp og gjennomføre ulike typar hypotesetestar
  • kan bedømme signifikansen av eit gitt resultat frå ein statistisk analyse

Generell kompetanse

Studenten

  • har oversikt over grunnleggande fagterminologi knytt til statistikk og kvantitativ metode
  • kan gjere ei generell vurdering av kva statistiske metodar som kan nyttast til analyse av ulike typar data

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
  • 1 førelesing á 2 timer pr. veke, totalt 5-6 førelesingar.
  • 1 datalab/seminar á 2 timer pr. veke, totalt 3-5 datalab/seminar
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Skriftlege innleveringar av 3-5 oppgåver.

    Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

    Vurderingsformer

    Skriftleg eksamen, 3 timar.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5.

    Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.