Introduksjon til geografiske informasjonssystem (GIS) og geovisualisering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset rettar seg mot tilsette innan privat og offentleg sektor som er nysgjerrige på eller ser behovet for å analysere og visualisere romlege data i arbeidsoppgåver. Både enkeltpersonar og samfunnet produserer og har tilgang til ei rekke romlege data som kan hjelpe oss å forstå og formidle samanhengar i natur og samfunn på ein måte som tidligare ikkje har vore mogleg. Verktøyet vi treng for å organisere, analysere og visualisere desse data, om det er for planlegging av lokale forhold eller for å auke læringsutbyte hos elevar, er geografiske informasjonssystem (GIS).

Målet med kurset er å gi ein introduksjon til GIS slik at studenten sjølv kan planlegge og gjennomføre alle stega i eit GIS-basert prosjekt. Gjennom kurset vil studenten opparbeide seg eit solid teoretisk og praktisk grunnlag som vil mogleggjere vidare sjølvstendig arbeid med meir avanserte analyser, enten i open eller proprietær GIS-programvare. Kurset skal formidle forståing for grunnleggande kartografiske omgrep og teori som utgjer basisen for å jobbe med geografiske data i GIS. Kurset har hovudfokus på praktisk GIS-arbeid, og praktiske øvingar nyttar open og gratis GIS-programvare (QGIS).

Kurset tar opp tema som

  • stadfesting av geografiske data og korleis ulike datamodellar blir brukt til å representere desse
  • oversikt over og innhenting av romlege data frå ulike kjeder i GIS-programvare
  • romlige databaser, datastrukturer og datakvalitet
  • teori rundt og praktisk øving med verktøy som blir brukt for å editere og analysere romlige data
  • visualisering av romlege data og utforming av tematiske kart

Kurset går over eit semester og er samlings- og nettbasert. Kurset startar i medio januar med ei frivillig dagssamling. Deretter jobbar studentane med materiell som er nettbasert fram til ei obligatorisk tre-dagars samling midt i semesteret. I slutten av mai leverer studentane ei eiga prosjektbasert oppgåve. Oppgåva kan være eit GIS-basert arbeid som er relevant for arbeidsgjevar eller å utarbeide GIS-basert materiell til undervisning. I heile kursperioden vil det være tilbakemelding og oppfølging frå undervisarar og til tider frå medstudentar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten kan...

  • definere og bruke sentrale kartografiske omgrep
  • beskrive ulike datamodellar og prinsipp for innhenting av geodata
  • forklare det teoretiske grunnlaget for vanlege GIS-analysar
  • ha oversikt over det norske kartgrunnlaget

Ferdigheitar

Studenten kan...

  • hente inn, organisere, utbetre og analysere geografiske data i GIS
  • integrere data frå ulike kjelder i romlege databaser
  • identifisere høvelege og gjennomføre eit bredt utval av vanlege GIS-analyser
  • evaluere kvaliteten på romlege data og GIS-baserte resultat.
  • planlegge og gjennomføre produksjon av eigne tematiske kart etter gjeldande prinsipp for god utforming ved hjelp av GIS-programvare

Generell kompetanse

Studenten...

  • har tilstrekkeleg kompetanse til å planlegge og ferdigstille GIS-baserte analyser
  • jobbar sjølvstendig med GIS-programvare og tar teoribaserte val som sikrar kvalitet på arbeidet

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, lågare nivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nett- og samlingsbasert
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studenten bør ha generell kunnskap om vanlig databehandling og PC-bruk.
Studiepoengsreduksjon
  • GEO110 (5 studiepoeng)
  • GEO215 (5 studiepoeng)
  • Krav til studierett
    For oppstart på emnet må du søkt og fått opptak til dette videreutdanningsemnet via UiB Videre.
    Arbeids- og undervisningsformer

    Kurset er nett- og samlingsbasert.

    Samlingane er basert på seminarundervisning og praktisk arbeid i datalab. I heile perioden vil det vere tilbakemelding og oppfølgning frå undervisere og til tider medstudentar.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk 3-dagars samling midtveis i kurset
  • 3 obligatoriske innleveringar
  • Vurderingsformer

    Mappevurdering

    • 2 ulike tematiske kart basert på praktisk arbeid
    • Prosjektoppgåve med relevant teori, datasett og geovisualisering

    Begge komponentane må vere bestått for å få kurset bestått.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått
    Vurderingssemester

    Vår

    Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om utsett innleveringsfrist. Søknaden må sendast før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Institutt for geografi
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.