Introduksjon til master

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å introdusere og demonstrere verktøy, og gi råd og rettleiing, for ei best muleg gjennomføring av masterstudiet. Emnet vil med dette førebu studentane på overgangen frå bachelornivå til deltaking i forsking på masternivå, inkludert skriving av masteroppgåve.

Innhald:
Emnet tek opp tema som litteratursøk ved hjelp av bibliotekressursar, bruk av program- og systemverktøy (Fortran, Matlab, LaTeX, unix, programvare for sitering), det gjev tips om korleis strukturera og skriva ei avhandling, samt gjennomgang av relevante etiske og vitskapsteoretiske problemstellingar. Studentane får en innføring i korleis planlegge og gjennomføre eit studie i meteorologi, oseanografi eller klimadynamikk, og med det hjelp til å skrive ei fullverdig masteroppgåve. Ei innføring i sentrale, grunnleggjande problemstellingar knytt til meteorologi, oseanografi og klimadynamikk vert gjeven. Vidare vil etiske problemstellingar knytt til skjeringspunktet mellom vitskap og samfunn verte problematisert og diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap til å planlegge og strukturere ei masteroppgåve og masterpresentasjon
  • har kunnskap om rolla til fagleg rettleiar

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrer tekstsystem; analyse, programmering og grafikkverktøy; og bibliotekressursar
  • kan utarbeide ein LaTeX-mal for masteroppgåva
  • kan nytte grunnleggjande LaTeX for oppsett av eit dokument, definisjon av figurar og tabellar, skriving av matematiske likningar, og bruk og inkludering av referansa
  • kan presentere sin eigen forskingside

Generell kompetanse

Studenten

  • kan grunnleggjande Linux, med fokus på kommando på kommandolinja og redigeringsprogrammer
  • kan vurdere etiske og samfunnsmessige sider og problem i tilknyting til eigenforsking og forsking i relaterte disiplinar

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Opptak til Masterprogram i meteorologi og oseanografi, Masterprogram i energi eller Integrert master i energi (siv.ing)

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Geofysisk institutt ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet samt at du fyller opptakskrava til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning med førelesingar, dataøvingar og diskusjonar med oppgåve i etterkant.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent oppmøte på 80% av førelesningane. Gyldig kun i semesteret dei vert godkjent.
Vurderingsformer
Godkjent oppmøte og oppgåve (gyldig kun i semesteret dei vert godkjent).
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust, vurdering kun i semester med undervisning
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no