Atmosfære- og havdynamikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOF313
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege deltek.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål å presentere dei grunnleggjande likningane og bruken av desse på forskjellige fenomen i geofysisk væskedynamikk. Viktige fagområde i atmosfæren og havet er presentert og studert ved bruk av teori, demonstrasjonar og øvingar.
Innhald
Viktige emne er geostrofi og Ekman-straum, samt gravitasjonsbølgjer i homogen og sjikta væske- med og utan Coriolis-effekt. Kvasi-geostrofi vil bli nytta til å studera planetære og topografiske Rossby-bølgjer, der barotrop - og baroklin ustabilitet er introdusert.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- forstår dei grunnleggjande prinsippa i storskala rørsle på ein roterende planet
- forstår dei styrande likningane for ulike fenomen i geofysisk væskedynamikk
- forstår grunnlaget for bølgjer i atmosfæren og havet
- forstår det grunnleggjande for stasjonær rørsle i atmosfæren og havet
- forstår grunnprinsippa for barotrop- og baroklin ustabilitet
Ferdigheiter
Studenten
- kan skalere og forenkle likningane for løysing av grunnleggjande dynamiske problem
- kan formulere og løyse problem i eit geostrofisk rammeverk
- kan formulere og nytta bølgjeteori på bølgjer i atmosfære og hav
- kan formulere og nytta Ekman-teori
Generell kompetanse
Studenten
- kan diskutere dei grunnleggjande likningane i dynamisk meteorologi og oseanografi
- kan utleie, skalere og forenkle dei grunnleggjande likningane
- kan presentere og diskutere grunnleggjande emne i atmosfæren og havet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Mappa består av
- ei oppgåve og fire av fem rekneøvingar utgjer 30 % av suttkarakteren
- ein 4-timers skriftleg skuleeksamen utgjer 70 % av sluttkarakteren
Oppgåva og rekneøvingane er gyldig i det semesteret dei blir godkjent og i det påfølgjande semesteret.