Seminar i atmosfærisk vitenskap
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOF351
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
I emnet får studentane tilgang på forskingsartiklar som fokuserer på ulike forskingstema innan meteorologi. Studentane vil med dette møte sentrale problemstillingar gjennom nyare forskingsresultat og vitskapelege diskusjonar som går føre seg innan faget. Diskusjonar innan desse forskingstema har som mål at studentane skal utvikle kritisk og sjølvstendig tenking. I tillegg vil eit skriftleg samandrag hjelpe studentane til å forbetre dei faglege skriveferdighetene sine, noko som er nødvendig for i arbeidet deira med masteroppgåva.
Innhald:
Studentane vil diskutere og presentere vitskapelege artiklar og dessutan skrive ein samandragsrapport . Det vitskapelege temaet vil endre seg frå år til år.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har god kjennskap til dei viktigaste ideane, teoriane, metodane og resultata innan eit valt tema eller forskingsområde i meteorologi
- har kunnskap om korleis ein på beste måte kan presentere forskingsresultat
- har kunnskap om prinsippa for vitskapeleg skriving og forskingsetikk
Ferdigheter
Studenten
- kan gjennomføre omfattande litteratursøk på eit gitt tema
- kan identifisere og vurdere relevant litteratur
- kan skrive i samsvar med prinsippa for vitskapleg skriving og forskingsetikk
- kan gi ein god munnleg eller poster presentasjon innan eit oppgitt emne
Generell kompetanse
Studenten
- kan, ut frå litteraturen, kunne gi ein heilskapleg oversikt over dei viktigaste idear, teoriar, metodar og resultat frå eit valt tema eller forskingsområde innan meteorologi
- er i stand til å vurdere og kritisk diskutere relevant litteratur
- er i stand til å presentere essensen og dagens diskurs av det valde meteorologiske tema i skriftleg og munnleg form
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
2 forelesningar á 2 timar som innføring i emnet den første veka. Deretter 2 timar diskusjon av artiklar pr veke, inkludert studentpresentasjonar. 2 forelesningar á 2 timar om vitskapleg skriving midt i semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle deler må vere godkjent
- obligatorisk oppmøte på forelesningar og deltaking i diskusjonane
- rapport innan eit valt tema
- deltaking i fagvellevurdering
Gyldig kun i semesteret som det blir godkjent.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Mappa består av
- studentpresentasjon eller posterpresentasjon tel 40% av karakteren
- oversiktsrapport tel 20 % av karakteren
- skriftleg oppgåve tel 40 % av karakteren