Avansert atmosfæredynamikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOF352
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- English
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gje ei innføring i avanserte emne innan atmosfæredynamikk og vil innan utvalde felt presentere nye resultat frå forskingsfronten. Studentane skal få ei djupare forståing av atmosfæredynamikk og lære nye teknikkar for å løyse avanserte fysiske problem. Emnet skal på dette viset gje studentane ei forståing av kompleksiteten til atmosfæren og sirkulasjonen i atmosfæren.
Innhald:
Emnet omhandlar avansert atmosfærisk dynamikk basert på dei grunnleggjande likningane. Fenomen som femner frå storskala til mesoskala vil bli studert. Den kvasigeostrofiske kvervlingslikninga vil bli nytta for detaljerte undersøkingar av baroklin ustabilitet. Skilnader mellom modellane til Eady, Charney og Phillips vil bli diskutert, inkludert relevansen til reell, atmosfærisk straum. Emnet vil utvide konseptet med potensiell kvervling og diskutere fenomen frå synoptisk til mesoskala ved hjelp av potensiell kvervling. Konseptet med vekselverknaden mellom kvervling og middelstraum og brytande bølgjer vil bli introdusert saman med Eliassen-Palm-fluksen. I forlenginga av dette vil vertikal og horisontal forplanting av Rossby-bølgjer også bli studert.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal
- forstå bruken av potensiell kvervling til diagnostisering og tolking av atmosfærisk straum og instabilitetar i atmosfæren
- ha lært grunnleggjande teori bak samspelet mellom bølgjer og middelstraum, brytande bølgjer i atmosfæren og Eliassen-Palm-fluksen
- vere i stand til å skildre og diskutere ulike typar baroklin instabilitet ved hjelp av kvasigeostrofisk teori
Ferdigheiter
Studenten
- skal vere i stand til å utleie og nytte dispersjonsrelasjonar for tyngde- og plantæriske bølgjer
- skal kunne formulere og løyse avanserte kvasi-geostrofiske problem
- skal meistre å programmere løysingar av numeriske problem og visualisere resultata
- skal kunne presentere og forsvare vitskaplege resultat i plenum
Generell kompetanse
Studenten
- skal kunne utvikle teoriar for analytiske og til ei viss grad numeriske løysingar av dynamiske problem
- skal kunne formulere problem i eit fysisk og matematisk rammeverk, dvs. ved å kunne resonnere fysisk og formulere problemet matematisk
- skal kunne presentere og argumentere for eigne idear overfor ei gruppe
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår. første gang våren 2025
Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Regelmessig oppmøte i undervisning og i øvingane
- Presentasjon av minst tre eigne løysingar
Gyldig i semesteret emnet blir undervist og påfølgande semester.
Vurderingsformer
- Skriftlig midtvegseksamen tel 30 % av sluttkarakteren
- Munnleg eksamen, 45 minutt, tel 70 prosent og må vere bestått
Vi reknar saman poengsummen frå delvurderinga for å bestemme sluttkarakter i emnet. Delvurderingane må vere bestått for å bestå emnet.