Innføring i geologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje ei innføring i jordas struktur, oppbygnad og prosessar, frå jordas sentrum og til overflata. Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i dei mest sentrale delane av geologifaget samt innsikt i jordas oppbygnad, dei viktigaste grunnstoffa, mineral og bergartar på jorda. Vidare har emnet som mål å gje ei forståing av jordas prosessar, og samspelet mellom dei ulike prosessane, som verkar og har verka for å forme jorda og dei ulike landformene.
Innhald:
Geologi omhandlar jordas indre oppbyggnad og prosessar, samt dei landformene og prosessane som er aktive og verkar på jordas overflate. Undervisninga gjev ei kort innføring i seismologi, geomagnetisme, klassifikasjon av bergartar og mineral, vulkansk og magmatisk aktivitet, jordskjelv, omdanning (metamorfose) og deformasjon av jordskorpa, samt platetektonikk. Videre tek undervisninga for seg forvitring, masserørsle, erosjon og transport og avsetjing av sediment, danning av sedimentære bergartar, samt danning og nedbrytning av ulike landformer.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare jordas oppbygnad og sammensetning, samt dei grunnleggjande geologiske prosessesae som har forma jorda
- forklare sentrale geologiske omgrep, definisjonar og teorier (f.eks. mineraler, bergartar, platetektonikk, orogenese)
- definera, klassifisera og skildra sediment, mineral, bergartar og deira opphav
- diskutere korleis ulike typar prosessar (f. eks. platetektonikk, erosjon, sedimentasjon) virkar og samvirkar på jorda, og kva mineral, bergartar og landformer som resulterer frå desse prosessane (f. eks. sedimentære basseng og fjellkjeder)
- diskutere samanhengen mellom årsak og verknad for ulike geologiske prosessar (f. eks. drivkrefter for platebevegelser)
Ferdigheiter
Studenten kan
- tolka (lese og forklara) grafar og figurar med geologiske data
- oppsummera enkle observasjonar/data/prinsipp grafisk
- gjenkjenna og diskutera ulike geologiske miljø, landskapsformer og prosessar
- gjennomføra enkle søk etter relevant geovitenskapleg litteratur, samt nytta korrekt kjelde vising
Generell kompetanse
Studenten kan
- nytta eit presist geologisk fagspråk til å skildre og diskutera geologiske prosessar og hendingar
- demonstrera evne til å fungera individuelt, i samarbeid med andre
- erkjenna, vurdera og kommunisera menneske si rolle i geosystemet, og vår bruk av og innverknad på geosystemet.
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOL101
5 sp overlapp med GEO111
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar og seminar:
Førelesning, 4 timer i veka i 10 veker.
Seminar, 2 timer i veka i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar og innlevering av seminaroppgåver.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre (3) semester, inkludert semeseteret dei vart godkjente.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
4 timar skriftleg eksamen. Digital eksamen, se www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.
Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med fakultetet sine reglar.