Geofysiske metodar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV111
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å gjere studentane kjende med dei viktigaste geofysiske prinsipp og metodar for å studere jorda si indre oppbygging, utvikling og dynamikk, samt kartlegge strukturer og georessursar i jordskorpen.
Prinsipp og metodar for refleksjon og refraksjon av seismiske bølgjer frå jordskjelv og kunstige kjelder vil bli gjennomgått. Magnetiske, gravimetriske, elektriske og elektromagnetiske metodar for kartlegging av jordskorpen og dens utvikling, radioaktiv aldersbestemming av bergarter, jordskjelvmekanismar og varmestrøm i jorda er andre hovudtema. Dei enkelte metodane og deira bruk vil bli belyst gjennom eksempel og rekneøvingar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- skildre prinsipp for refleksjon og refraksjon av seismiske bølgjer, og deira tyding for kartlegging av jordskorpa og jorda si indre oppbygging
- forklare samanhengen mellom jordskjelv og ulike forkastningsmekanismar, og ulike metodar for å styrkebestemme og lokalisere jordskjelv
- forklare grunnprinsippa for magnetiske, elektriske, elektromagnetiske og gravimetriske metodar for å studere jordskorpen og dens utvikling
- beskrive grunnprinsippa for radiometrisk datering av bergarter og varmestrøm i jordskorpa.
Ferdigheiter
Studenten kan
- anvende grunnleggjande prinsipp for å analysere og tolke ulike typar geofysiske data
- gjennomføre grunnleggjande matematiske berekningar knytt til geofysisk dataanalyse
- diskutere korleis ulike geofysiske metodar brukast til løysing av konkrete geofaglege problem.
Generell kompetanse
Studenten kan
- anvende eit presist fagspråk til å skildre og diskutere geofysiske metodar og deira bruk
- visualisere data ved hjelp av enkle digitale verktøy
- demonstrere emne til å jobbe individuelt og i samarbeid med andre
- gjennomføre enkle feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
www.uib.no/matnat/52646/studere-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet
Arbeids- og undervisningsformer
48 timer obligatorisk studentaktiv undervisning (4t/uke)
36 timer øvingar (3t/uke)
1 dag feltkurs
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske øvingar og quizer
Obligatorisk deltaking på feltarbeid
Godkjende obligatoriske øvelser og quizer er gyldige i 2 påfølgjande semester
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein samansett vurderingsordning som består av
- obligatoriske øvingar og quizer, utgjer 50% av karakteren
- 3-timar skriftleg eksamen, utgjer 50% av karakteren.
Digital eksamen, sjå www.uib.no/student/114302/gj%C3%B8r-deg-klar-til-eksamen