Teknologileiing 2: Mellomleiing i turbulente omgivnadar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Teknologileiing 2 set fokus på mellomleiing innanfor ein nordisk kontekst prega av stadig meir turbulente og skiftande omgivnadar. Verksemder i både privat og offentleg sektor må forhalda seg til gjenstridige og turbulente samfunnsproblem som utfordrar den klassiske måten å løyse problem på. Samtidig aukar tilfanget av ulike organisatoriske oppskrifter som skal vera med å løyse desse nye utfordringane. Ved hjelp av ei organisasjonsteoretisk tilnærming vil dette studiet sjå på korleis verksemder generelt, og mellomleiarar spesielt, kan forhalda seg til desse endringane.

Studiet er bygd opp rundt tre fysiske samlingar med tre ulike tema:

  • Samling 1: Organisasjonsteori i ein nordisk og turbulent kontekst. Innføring og avklaring av omgrep.
  • Samling 2: Idear på reise og viktigheita av omsetjarrolla.
  • Samling 3: Mellomleiaren som endringsagent.

Studiet skal trene studentane i å tenke analytisk omkring eigen arbeidspraksis med utgangspunkt i moderne organisasjonsteori og utvikle evne til å sjå og føreslå konkrete forbetringstiltak på felt der dette er aktuelt. Utveksling og diskusjon av erfaringar er ein viktig del av læringsprosessen. Gjennom dette arbeidet ønskjer ein og å fremme studentanes generelle evne til å tematisere og kommunisere om slike erfaringar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • gjere greie for omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar
  • definera og forstå sentrale kjenneteikn ved gjenstridige, komplekse og uregjerlege samfunnsproblem
  • gjere greie for mellomleiar si rolle og oppgåver
  • forklare den nordiske konteksten for utføring av organisasjonsendring og leiing
  • gjere greie for kva som kjenneteiknar organisasjonsidear på reise, og korleis mellomleiar kan bidra til å omsetja og implementere organisasjonsoppskrifter i eigen organisasjon

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • drøfte ulike problemstillingar frå eigen verksemd med utgangspunkt i organisasjons- og leiingsteori
  • identifisera og forstå viktige trekk ved konkrete organisasjonar og organisasjonsoppskrifter
  • nytta kunnskap frå kurset til sjølvstendig å utvikla fagleg grunna problemstillingar og gjennomføra analyse av eigen verksemd
  • delta i og legge til rette for endringsprosessar i organisasjonar

Generell kompetanse

Studenten:

  • skal kunne formulere problemstillingar og drøfte dei frå ulike faglege innfallsvinklar
  • systematisera og formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg gjennom eigne arbeid og presentasjonar
  • skal kunne innhente og systematisere informasjon i tilknyting til eigen praksis
  • bidra til praktisk bruk av sentrale omgrep, teori, forskingsmetodar og fagleg innsikt innanfor fagområdet
  • er i stand til å oppdatere seg fagleg
  • meistrar samarbeid med andre om faglege tema og problemstillingar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Vidareutdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Medlemmer av FTL med formell studiekompetanse eller såkalla realkompetanse.

Studentane tas opp på bakgrunn av forkunnskapar og erfaringar i arbeidslivet som vurderast som naudsynte og relevante for å nyttiggjere seg studietilbodet. Ansvarlege for opptaket er IAO. Det tildelast avgrensa studierett. Dette inneber at retten til å studere ved universitetet er kopla opp mot dette studietilbodet.

Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Lukka (Emnet er for studentar som følg etter- og vidareutdanningstilbodet til Forbundet for leiing og teknikk).
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert i 3 fysiske samlingar over 3 dagar kombinerte med digitale og nettbaserte aktivitetar mellom samlingane. Det blir i tillegg halde eit eige digitalt eksamenswebinar kort tid før eksamen. For å fremja fagleg samhandling mellom studentane og mellom studentane og fagmiljøet er undervisninga på samlingane organisert i forelesingar, gruppearbeid med erfaringsutveksling og kommunikasjonstrening, og gjennomgang av fagstoff. Studiet går som deltidsstudium over eit semester. Mellom samlingane har studentane eit ansvar for å følgja opp arbeidskrava i emnet. Hovudarenaen for denne aktiviteten vil vera UiBs digitale plattform Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Etter 1. og 2.samling får studentane utlevert ei obligatorisk oppgåve. Første oppgåve etter 1.samling skal løysast individuelt, medan den andre, etter 2.samling, er gruppebasert. Gruppene vert samansett av faglærarane ved semesterstart.. Begge oppgåver skal leverast på Mitt UiB og faglærarane vil gje skriftlege tilbakemeldingar på same digitale arena. Oppgåvene må vera bestått for å få gå opp til eksamen.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

14 dagars heimeeksamen, maksimum 5000 ord (eksludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studentar med gyldig fråvær etter § 5-5 i Studieforskrifta til UiB kan søkja om utsett innleveringsfrist. Søknaden må sendast til studieveileder.gov@uib.no innan innleveringsfristen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vera klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Studentane evaluerer kvar samling. Etter gjennomføringa samlast alle evalueringane i ein rapport som blir send til forelesarane og oppdragsgivar.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel tillatt.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Førsteamenuensis Kristin Rubecksen er emneansvarleg.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.