Radiologi for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning)
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- HELFYT661
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Gjennom undervisinga i radiologi er målet å gje studenten ei innføring i bildediagnostiske moglegheiter og avgrensingar, med vekt på bildediagnostikk med relasjon til bevegelsesapparatet. Studenten skal kunne fortolke beskrivingar av røntgenbilde, inklusiv CT og MR-bilde, og sette dei i samanheng med kliniske funn.
Innhald:
Undervisning i radiologi dekker metodelære, prosedyrelære, bildetolking, samt indikasjonar og algoritmar. Radiologiske funn vert knytt opp mot kliniske funn, med hovudvekt på muskel- og skjelettsystemet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har:
- grunnleggjande kunnskap om radiologiske modalitetar, teknisk oppbygging og funksjon.
- kunnskap om praktisk gjennomføring av undersøkingar med dei ulike modalitetane
- kunnskap om prinsippa for bildetolking for diagnostikk av sjukdom v.hj.a. morfologiske og funksjonelle endringar som blir uttrykt i ulike typar bilde, f.eks. ultralyd, magnetisk resonans, computer tomografi og røntgenbilde
Ferdigheiter
Studenten kan:
- vurdere indikasjonar for bruk av ulike prosedyrar og kjenne til algoritmar for utgreiing av ulike kliniske problemstillingar.
- basert på kliniske opplysningar og den radiologiske undersøkinga, tilpasse egna behandlingstiltak.
Generell kompetanse
Studenten kan:
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysere og konkludere innanfor fagområdet, både med spesialistar og til ålmenheita.
Studienivå (studiesyklus)
Etter- og videreutdanning
Undervisningssemester
vår
Krav til forkunnskapar
Søkarar må dokumentere at dei har bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarende og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må dei levere inn dokumentasjon på at dei har starta på eller fullført eit mastergradsstudium i manuellterapi som er jamngodt med klinisk matergradsstudium i manuellterapi ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Ei vekes grunnkurs i radiologi med fokus på nerve-, muskel- og skjelettradiologi: Hovudtyngda i grunnkurset representerer ei grundig innføring i bildediagnostikk med relasjon til nerve-, muskel- og skjelettsystemet. Bildetolking er relatert til dei viktigaste sjukdomane innanfor bevegelsesapparatet og differensialdiagnostiske vurderingar. Undervisningsmaterialet inneheld bilde frå ei rekke kasus eller pasientar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Undervisninga er obligatorisk.
Vurderingsformer
Det vert halden ein 2-timar skriftleg eksamen med flervalgsoppgåver på slutten av vekeskurset. Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Litteraturliste
Litteraturlista er i Leganto