Fordjuping i nyare historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIS115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle historiske tema i tida etter ca. 1750.
Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt eller fleire tema, avhengig av ressursar, og studentane vel eitt tema (per emne). Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før undervisningssemesteret.
Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.
Trykk her for meir informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret
Studentar i spesialisering som skal ta to fordjupingsemne inneverande semester skal velje eitt emne i blokk 1 og eitt emne i blokk 2.
Sjå studieplanen til bachelorprogrammet i historie for meir informasjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har gode realhistoriske kunnskapar om og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det valde temaet.
- kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til å drøfte historiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere historiske framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid.
- demonstrerer ferdigheiter i å analysere historiske data formidla gjennom kjelder og litteratur, og evner å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i fleire skriftlege arbeid.
Generell kompetanse
Studenten
- visar evne til å argumentere og dokumentere akademisk.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Undervisninga går føre seg i andre halvdel av haustsemesteret (undervisningsblokk haust 2).
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar og/eller seminar, normalt i eit omfang av om lag 20 til 25 undervisningstimar totalt.
Om det melder seg fem eller færre studentar til eit tema på emnet, kan instituttet innføre tilpassa undervisning i det aktuelle temaet eller avlyse temaet. På tema der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent to obligatoriske skriftlege arbeid på inntil 1500 ord. Oppgåvene skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.
Emneansvarleg kan opne for at studentar (individuelt eller i grupper) svarer på éi av dei obligatoriske øvingsoppgåvene i form av munnlege presentasjonar med ei lengde på 10-15 minutt. Presentasjonen må innehalde liste over kjelder og litteratur som er nytta. Ved gruppearbeid må det òg leverast ei skriftleg erklæring om korleis deltakarane har bidrege til gruppearbeidet.
Omfang, fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen, inntil 3000 ord.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere gyldige for å kunne møte til eksamen.
Undervisningsspråket kan variere mellom de ulike temaene som tilbys på emnet, og eksamensoppgaven følger undervisningsspråket i det aktuelle temaet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.