Fordjuping i nyare historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i det aktuelle tema. Dei skal læra seg å formidla historisk stoff best mogeleg, å nærma seg historiske problem på ein vitskapleg måte og å bruka historisk teori og metode i behandlinga av historiske spørsmål

Når ressursane tillet det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før semesterstart.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Trykk her for meir informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret

Studentar i spesialisering som skal ta to fordjupingsemne inneverande semester skal velje eitt emne i blokk 1 og eitt emne i blokk 2.

Sjå studieplanen til bachelorprogrammet i historie for meir informasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap innan det valde fordjupingsteamet
  • kjenner til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet
  • har god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål

Ferdigheiter

Studenten

  • kan problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet
  • kan vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen.

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust.

Undervisninga går normalt føre seg i andre halvdel av semesteret (undervisningsblokk haust 2).

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert normalt gjeven i form av førelesingar, men andre undervisningsformer kan verte aktuelle (om lag 25 undervisningstimar totalt).

Om det melder seg fem eller færre studentar til eit tema på emnet, kan instituttet innføre tilpassa undervisning i det aktuelle temaet eller avlyse temaet. På tema der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent et obligatorisk skriftleg arbeid på inntil 1500 ord. Oppgåva skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur, og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.

Emneansvarleg kan opne for at studentar (individuelt eller i grupper) svarer på den obligatoriske øvingsoppgåva t.d. i form av videoar, førehandsinnspelte presentasjonar eller podcastar med ei lengde på 10-15 minuttar. Innleveringa må innehalde liste over kjelder og litteratur som er nytta. Ved gruppearbeid må det òg leverast ei skriftleg erklæring om korleis deltakarane har bidrege til gruppearbeidet.

Fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart .

Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i eitt semester etter det undervisningssemesteret den vart godkjend.

Vurderingsformer
  • 6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
  • Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere gyldige for å kunne møte til eksamen.

    Undervisningsspråket kan variere mellom de ulike temaene som tilbys på emnet, og eksamensoppgaven følger undervisningsspråket i det aktuelle temaet.

    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester

    Haust. Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk haust 2 (slutten av haustsemesteret).

    Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår). Denne eksamen er berre open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.

    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.

    Emneevaluering
    Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.