Historikarens arbeidsmåtar
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HIS309
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi studentane eit praktisk og analytisk grunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve. Dette vil bli gjort ved å etablere ein kritisk haldning til metodar, tilnærmingar og arbeidsmåtar innan historisk forsking.
Emnet har tre hovudkomponentar: A) Arkivkunnskap og informasjonskompetanse, B) Kjelde og metode C) arbeidsmåtar i historiefaget.
Under arbeidsmåtar i historiefaget skal studenten kunne meistre ulike analysemåtar, så som kvalitative (tolking av tekst), kvantitative, komparative metodar og metodar for ikkje-tekstlege kjeldetypar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kjenner til prinsippa for arkivdanning og organisering, for attfinning og informasjonssøk i arkiv og digitale ressursar.
- har innsikt i kjeldekritikk og metode, sentrale hjelpevitskapar og ulike analysemåtar nytta i historiefaget.
- kjenner til problem som er knytt til ulike tilnærmingar
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte eigna verktøy for å hente fram informasjon og dessutan bruke ulike tilnærmingar for å analysere eit historisk kjeldemateriale.
- meistrar ulike analysemetodar opp mot forskjellige problemstilling så vel som typar av kjeldemateriale
Generell kompetanse
Studenten
- har kompetanse i å vurdere og rangere informasjonskjelder for historisk arbeid og dessutan evne til å kritisk vurdere metodebruk og arbeidsmåtar i forsking og framstillingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Undervisninga går føre seg i fyrste halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 1).
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen på om lag 3000 ord.
Heimeeksamen vil vere ei praktisk oppgåve i kjelde- eller analysearbeid.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår
Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk vår 1 (midt i vårsemesteret).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider