Måleteknologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HTEK201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om kun norskspråklege deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål å gi inngåande kunnskap i måleteknologi, instrumentering og reguleringsteknikk som grunnlag for å kunne ta i bruk tilhøyrande relevante metodar og teknikkar i forskings- og utviklingsarbeid.
Innhald
Emnet tar opp tema som det generelle målesystem, berekning av måleusikkerhet, beskriving av dynamiske system i tids- og frekvensdomene, inkludert karakterisering av desse. I tillegg inkluderer emnet tema som signal og støy i målesystem, karakteristikkar for mykje nytta sensorelement, tilbakekopla system, samt virkemåte og typiske karakteristikkar for strøymingsmålarar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om elementa i det generelle målesystem og berekning av måleusikkerhet
- har inngåande kunnskap om representasjon av dynamiske system i tids- og frekvensdomene, samt bruken av tilbakekopla reguleringssystem og PID regulatorar
- har avansert kunnskap om standard strømingsinstrumentering
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke standard teknikkar for å berekne kombinert måleusikkerhet i et system av måleelement
- kan beskrive dynamiske system i tids- og frekvens domene og analysere desse
- kan nytte utvalde signalbehandlingsteknikkar som autokorrelasjon og krysskorrelasjon
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere relevante målesystemtekniske system
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Munnleg eksamen som utgjer 100 % av karakteren.