Basal humanpatologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje master- og PhD-studentar med ikkje-medisinsk bakgrunn ein introduksjon til human patologi. Det er delt i tre delar der den fyrste gjev oversikt over generelle patologiske prosessar i vev, som celleskade, inflammasjon og reparasjon. Den andre delen omhandlar svulst-klassifikasjon og biologiske/genetiske mekanismar ved kreftutvikling. Den tredje delen gjev innblikk i sjukdomar i spesifikke organ med vekt på svulstar. Emnet er aktuelt for studentar som driv forsking innan alle aspekt av human biologi, og er spesielt nyttig for dei som har kreftrelaterte prosjekt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha ei forståing av generelle prinsipp for sjukdom og av biologiske og genetiske prosessar involvert i kreftutvikling. Studenten skal og kunne gjere greie for dei viktigaste sjukdomane i utvalde organ.

Studienivå (studiesyklus)

Master, PhD

Undervisningssemester

Vår

Krav til forkunnskapar
Valfritt for master- eller PhD-utdanninga i humanbiologiske fag (medisinsk cellebiologi eller human fysiologi) på Universitetet i Bergen. Emnet kan og vere aktuelt for studentar innan biologi/ molekylærbiologi/farmasi. Emnet gjev ikkje studiepoeng for studentar med medisinsk, odontologisk eller veterinærmedisinsk bakgrunn.
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskapar i humanbiologi og molekylærbiologi
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesninger: 4 timar per veke, 6,5 veker totalt.

Eksamenskollokvium: 2 timar

Totalt: 28 timar

Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, INSPERA, 3 timar.
Litteraturliste

Utvalde kapittel frå Kumar, Abbas, Aster:

Robbins Basic Pathology, 10th Ed., 2018, 935 pp.,

Elsevier, ISBN 9780323480543

(9. utgave vil også fungere fint. Men ver merksam på at kapittel- og sidenummeringa er noko forskjellig)