Funksjonell programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Eit funksjonelt program består av definisjonar av funksjonar. Programmet sin effekt er bestemt av input-output oppførselen til desse funksjonane. Funksjonell programmering er eit sentralt eksempel på det deklarative paradigmet, der eit program har ein dual tolking i tillegg til den operasjonelle, nemleg som ein formel med statisk meining uavhengig av nokon overgangar mellom programtilstandar. Eksekvering av eit program svarar då til denne deklarative tolkinga. Dette støttar utvikling og vedlikehald av korrekte program. I emnet tileignar ein seg grunnleggande konsept frå det funksjonelle paradigmet ved programmering i eit funksjonelt språk (til dømes Haskell).

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten:

  • kjenner til dei grunnleggjande omgrepa:

    • rekursjon
    • høgre ordens funksjonar
    • ikkje-muterbare datastrukturar
  • konstruksjonane i eit utvald funksjonelt programmeringsspråk


Ferdigheiter
Studenten:

  • kan utvikle enkle funksjonelle program


Generell kompetanse

Studenten:

  • kan diskutere funksjonell programmering med andre
  • kjenner til skilnaden på imperativ og funksjonell programmering
  • kan bruke sine kunnskapar og programmeringsferdigheiter på ulike område og bidra til innovasjon

Fulltid/deltid

Fulltid

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Det er ein føremon å kjenne til eit imperativt språk, til dømes frå emnet INF100 eller INF109.

Studiepoengsreduksjon

INF121: 5 SP, INF121A: 5 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesning/ 4 timar pr. veke
Øvelser/ 2 timer pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver. Emnet kan ha obligatorisk oppmøte på gruppeundervisning. Viss emnet har obligatorisk oppmøte på gruppeundervisning, kjem dette fram tydeleg av emnet framside på Mitt UiB.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan vere digital (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.