Datamaskinteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Gje studenten innsikt i formelle modellar som ligg til grunn for datamaskinar.

Innhald:

Det blir gitt eit oversyn over metodar for generering og gjenkjenning av formelle språk (grammatikkar, automatar, Turingmaskinar) og deira forhold til mekanisk utrekning.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan definisjonane av formelle språk, endelege automatar og Turingmaskinar,
  • kan dei viktigaste teorema og tilhøyrande bevis om forholda mellom desse,
  • kan rangere modellane med omsyn til uttrykkskraft, og
  • kjenner til problem som aldri vil kunne løysast med ein datamaskin.

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar formalismar for å definere formelle modellar for rekning,
  • kan gjennomføre bevis om slike modellar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og løyse varierte arbeidsoppgåver innan temaet,
  • kan formidle sentralt fagstoff som teorier, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkte og erfaringar med fagfolk og andre om fagområdet.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
I210: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og gruppearbeid: inntil 6 timar per veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Resultat på obligatoriske oppgåver kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester emnet blir undervist og påfølgande semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.