Forskingstema i menneske-maskin interaksjon (HCI)
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- INFO361
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi ei innføring i forskingsfeltet menneske-maskin interaksjon (eng. Human-Computer Interaction, HCI). Studentane vil få kunnskap om ei rekke avanserte konsept og tilnærmingar til analyse og design av interaktive system.
I kurset får studentane lære om ulike interaksjonsformer, modalitetar og paradigme i HCI forsking. Dei vil også verte kjent med hovudutfordringane ved å designe interaktive teknologiar og korleis dette kan inngå i ein forskingsprosess. Vi vil gi eit oversyn over utvalte emne i forskingsfeltet, og vil dekkje aktuelle designmessige, metodologiske og teoretiske problemstillingar i feltet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- kjenner til hovudtema og utfordringar i HCI-forskinga i dag, og til nye forskingsproblemstillingar
- kjenner til sentrale og aktuelle omgrep, metodar og tilnærmingar i HCI-forskinga
- forstår dei sosiale implikasjonane av interaktive teknologiar
Ferdigheitar
Studenten...
- kan diskutere korleis omgrep og metodar kan nyttast i analyse, design og evaluering av interaktive teknologiar
- kan planleggje og implementere utforskande prosjekt for å skissere og prototype nye interaktive teknologiar og interaksjonsformer
- kan presentere og diskutere sentrale tema i HCI-feltet, både munnleg og skriftleg
- kan arbeide i team for å skape og evaluere prototypar for nye interaktive teknologiar
- kan jobbe i team for å dokumentere produksjon og evaluering av nye interaktive teknologiar
Generell kompetanse
Studenten...
- kan tileigne seg ny kunnskap
- kan reflektere over eigen læringsprosess
- kan arbeide i team i ulike roller
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.