Proposal development

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Det overordna målet er å hjelpe studentane med å konseptualiserar og utarbeide eit forskingsforslag innan sitt forskingsområde og å gi næring til ei kjensle av nysgjerrigheit og aktiv deltaking i forsking.

Ei veke er nytta til innleiande førelesingar som dekker alle kapittel for eit komplett forskingsforslag. Det er interaktiv undervisning kor kvar student presenterer den foreløpige forskingsprotokollen sin for medstudentar og undervisar, og skal diskutere/gje fagfellevurdering for desse forslaga i grupper. Studentane lærer å bruke forskingsmetodane som vert undervist i forskingsverktøykurset (INTH315) til praktiske døme og å finpusse sine individuelle forskingsforslag. Denne veka blir etterfølgt av 3 heildagsseminar i løpet av vårsemesteret kor studentane får fagfellevurdering av forslaga sine før endeleg innsending.

Kurset sin hovuddel er sjølve arbeidet studentane utfører på forslaga sine etter denne introduksjonsveka. Regelmessige diskusjonar med rettleiar(ar) er eit viktig element i prosessen.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert når det gjeld kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan:

  • Gje grunnar for valet av forskingsmetodar
  • forklare krava og prosessen for etisk godkjenning

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • finne relevant litteratur og skrive ei melding som gjev grunn for studien
  • tydeleg formulere forskingsspørsmål(a), breie mål og spesifikke mål
  • vel dei relevante datainnsamlingsverktøya/laboratoriemetodane
  • vel rette statistiske metodar i dataanalyse
  • formulere forventa resultat
  • lage eit forskingsbudsjett

Generell kompetanse

Studenten er i stand til å:

  • uavhengig konseptualisere og utarbeide eit godt og omfattande forskingsforslag innanfor den avgrensa tidsramma og ressursane
  • kommunisere forskingsplanen profesjonelt

Studiepoeng, omfang

ECTS studiepoeng 5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Introduksjonsførelesingar om protokollskriving og gruppearbeid i emnet INTH315.
Studiepoengsreduksjon
Studiepoengreduksjon mot INTH330A
Krav til studierett
Ope for studentar på masterprogrammet "Master of Philosophy in Global Health" på UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Den organiserte undervisninga inkluderer ei full veke om hausten og 3 einskilde dagar om våren. Det resterande kravet i emnet omhandlar arbeidet studentane legg i prosjektplanen.

Hovudvekta er på arbeid, både individuelt og i grupper, kvarandrevurdering og diskusjonar i plenum med undervisarar. 80% av undervisninga er studentaktiv kor studentane er forventa å presentere utkast til prosjektet for medstudentar, der prosjektet blir diskutert og studenten får tilbakemelding. Den organiserte undervisningsveka om hausten er følgt av veiledning gjennom utviklinga av prosjektplanen. Studentane gjev kvarandrevurdering på kvarandre sine prosjekt. Prosjekta blir også vurdert av veiledar før innlevering.

Forventa studentarbeid totalt: 125 timar

Dette er fordelt på:

Undervisningstimar (førelesing og seminar): 42 timar

Individuelt arbeid: 83 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Delta på førelesingar og gruppearbeid.
Vurderingsformer
Rettleiarar skal vurdere forslaget og avgjere om det er akseptabelt (karakter = bestått) for innsending. Oppmøte og førebuing av materiale til dei organiserte undervisingstimane er obligatorisk.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista er i Leganto
Emneevaluering
Studentane evaluerer undervisingen i samhøve med til krava til kvalitetsvurdering ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er gjennom eit elektronisk skjema.
Programansvarleg
Programutvalg for global helse
Emneansvarleg

Professor Tehmina Mustafa (Temina.Mustafa@uib.no)

Professor Karine Marie Moland (Karen.Moland@uib.no)

Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin