Masteroppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal vise at ho/han er i stand til å nytte metode frå informasjonsteknologi og økonomi til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat på ein oversiktleg måte. 

Masteroppgåva er eit fagleg sjølvstendig arbeid som kan vere teoretisk eller empirisk. Studentane skriv oppgåve i grupper på to studentar. Studentane vel tema i samråd med rettleiar. Prosjektskisse skal leverast og godkjennast av programledelse i 9. semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap

Kandidaten...

  • har inngåande kunnskap om vitskapleg skriving og kjeldebruk, metodiske og forskningsetiske problemstillingar 
  • opparbeider brei fagleg fordjupning innan fagområdet og spesialisert innsikt knytt til tema i masteroppgåva
  • gjer nytte av avanserte metodar frå økonomi og/eller informasjonsteknologi 

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • meistrar å planleggje og gjennomføre sjølvstendig arbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar
  • kan sjølvstendig utvikle og formulere ei presis problemstilling og utvikle eit forskningsdesign for å belyse eit tema innanfor økonomi og/eller informasjonsteknologi
  • kan på ein vitskapleg måte implementere det teoretiske og/eller empiriske rammeverket slik at det leier fram til ein strukturert og sjølvstendig analyse

Kompetanse 

Kandidaten...

  • kan gjennomføra et prosjekt frå idé til sluttføring 
  • kan nytte avansert metode frå økonomi og/eller informasjonsteknologi til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem
  • meistrar kildevurdering, kritisk vurdering av faglitteratur og kritisk vitskapeleg tenking
  • kan formidle og drøfte avansert fagleg arbeid

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust
Krav til forkunnskapar
Gjennomført kursdel, 240 studiepoeng.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 
Arbeids- og undervisningsformer

Hovudregelen er at du skal skrive saman med ein annan student på programmet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. Det er ikkje høve til å være meir enn to. Må du skrive åleine, må du søkje om det.

Moglege årsaker for å skrive åleine:

  • Sjukdom/fødsel - som kan bli /er til hinder for å skrive effektivt saman med andre, for eksempel fødselstermin i innleveringssemesteret. Dokumentasjon frå lege/spesialist  vert krevd.
  • Privat avtale med bedrift - at bedrifta ønskjer eksklusivt eller konfidensialitet med ein student. Vi må ha stadfesting frå bedrifta.
  • Forsinkelse i studieløpet - at du har brukt meir enn fem år på studiet og fortsatt står att med masteroppgåva og opptil to kurs.
  • Andre grunnar som er til hinder for å få til eit godt og likeverdig samarbeid mellom to studentar.
  • Studentar som planlegg å ta ein ph.d.-grad kan få unntak, dokumentasjon som må leggast ved er karakterutskrift.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I 9. semester av studiet leverer studenten ei prosjektskisse til instituttet.
Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve.

Masteroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Vår/haust
Litteraturliste
Ingen
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.