Japansk semantikk og omsetjing
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- JAS303
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Japansk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnets hensikt er å auke studentens kunnskapar om japansk språk og/eller kultur gjennom forståing av omgrep innan semantiske teoriar og deira bruk ved omsetjing mellom japansk og norsk. Emnet inkluderer eit arbeidsrelevant, omfattande omsetjingsprosjekt som inneber direkte kontakt med eksterne aktørar. Studenten er forventa å arbeide metodisk og reflekterande i retning av eit omsetjingsprodukt av høy kvalitet.
Læringsutbyte
Kunnskap
Kandidaten:
- har ei djupare forståing av semantiske og pragmatiske spørsmål ved lesing av ulike typar japansk tekst (t.d. formelle og uformelle stilnivå, forskjellige sjangrar).
- vil bli godt kjent med nyare forsking på fagområda handsama på emnet.
- vil få innblikk i behov i omsetjingsbransjen.
Dugleikar
Kandidaten:
- vil ha vidareutvikla sine dugleikar i japansk språk (lesing, skriving, snakking og lytting).
- vil være i stand til å opprette kontakt med norske og/eller japanske etablissement med ein målretta førespurnad.
- vil kunne produsere ein omsetjing av høy kvalitet innan ein definert sjanger.
Kompetanse
Kandidaten:
- er i stand til å gjennomføre et veldefinert omsetjingsprosjekt som involverer det japanske språket.
- har vidareutvikla sine evner til å uttrykke faglege perspektiv på omsetjing, både i skriftleg og munnleg form.
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Annankvar haust (oddetalsår)
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i japansk med gjennomsnittskarakter minimum C.
Tilrådde forkunnskapar
Mellomnivå i japansk og kjennskap til lingvistikkfaget.
Det er tilrådd at kandidaten har studert i minst eitt semester ved eit japansk universitet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til Masterprogrammet i japansk ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Eitt seminar i veka i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle aktivitetar må fullførast i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i semesteret det er godkjent.
Vurderingsformer
Eit omsetjingsprosjekt i form av ei mappe som inneheld:
- kjeldeteksta og hennar omsetjing
- ein prosjektrapport (1-2 sider)
- ei refleksjonstekst (1-2 sider)
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A - F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Annankvar haust
Litteraturliste
Bokkapittel og forskingsartiklar om semantikk og pragmatikk. Utvalde japanske litterære verk og tekster frå ulike sjangrar.
Litteraturlista vil være klar innan 01.07 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for japansk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.