Masteroppgåve (70 sp) forskarline
Masteremne
- Studiepoeng
- 70
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- JUS397
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Føremålet med forskarlinja er å
- identifisera og utvikla studentar med eit forskartalent og -interesse med tanke på rekruttering til PhD-programmet
- utdanna studentar med ei viss forskingserfaring som kan nyttiggjera seg denne med tanke på problemløysing i det praktiske rettslivet
- tilby studentane eit studium på eit høgare akademisk nivå som minskar avstanden mellom profesjonsstudiet og praksis, samt heva kunnskapsnivået i rettssystemet og det praktiske rettslivet for øvrig.
- gjera dei juridiske kandidatane betre i stand til å utfordra etablert kunnskap og praksis på fagområdet, slik at dei er førebudd på å bidra til innovasjon i akademia og i praksis.
- verke til at studentane tileignar seg kunnskap om ulike metodetilnærmingar innanfor rettsvitskapen, og at dei på ein slik bakgrunn kan gjera eit informert val av metode til handtering av eige kjeldemateriale.
Læringsutbyte
Etter kurset skal studentane ha fått inngåande kunnskap om og forståing av sitt fagfelt.
Dei skal kunne handtera eit stort kjeldemateriale, identifisere komplekse problemstillingar og nytta juridisk metode på ein sjølvstendig og systematisk måte.
Gjennom å presentera eige prosjekt og diskutera eige og andre sine prosjekt, samt vitskaplege tekstar, skal studentane ha fått generell kompetanse i å delta i kompleks juridisk og vitskapleg diskusjon.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
CV skal leggjast ved søknad, slik at andre aspekt ved søkjar og prosjektet kan vurderast.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
MAJUR eller MAJUR-2.
Inntil 15 studentar vert tekne opp kvar haust.
Søknadsfrist: fredag uke 15
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å sikra at studentane har tilstrekkeleg kunnskap til å skriva stor masteroppgåve i tråd med læringsutbyttet er følgjande undervisningsaktivitetar gjort obligatorisk:
1. Seminar
Det vert gjennom heile året arrangert inntil 10 seminar totalt, men slik at berre fem av desse er obligatoriske for kvar student.
2. David Doublet-seminar (tidspunkt fastsetjast av fakultetet):
Før seminaret leverer studentane eit utdrag av masteroppgåva i tråd med informasjon frå fakultetet om deltaking på David Doublet-seminaret. Studentane deltar på programmet for David Doublet-seminaret slik det vert fastsett av fakultetet.
3. Tekstkvalitetskurs
Kurset startar med 2 timar førelesing om tekstkvalitet. Studentane skal deretter levere tekst på maksimalt 15 sider frå masteroppgåva. Tekstane blir diskutert i smågrupper under leiing av av ein fagperson på doktorgradsnivå.
4. Rettsvitskaplig metode og akademisk skriving
Studentane får metodisk opplæring i eit samarbeid med doktorgradsprogrammet, gjennom ein kombinasjon av tre førelesingar om metodiske tema à to timar, etterfølgd av tre diskusjonsmøte à to timar om dei same tema, der studentane blir delt opp i mindre diskusjonsgrupper under leiing av ein ph.d.-kandidat og/eller ein annan vitskapeleg ansatt. Kvar av studentane må førebu eit innlegg på 10 minutt til eit av diskusjonsmøta.
5. Forskargruppepresentasjon (tidspunktet fastsetjast av emneansvarleg i samråd med vegledar og forskargruppeleiar)
Studentane skal presentera prosjektet sitt for forskargruppa dei er knytt til. Dei skal før presentasjonen levera eit utdrag av masteroppgåva på opp til 20 sider, som vert lest av ein eller fleire utvalde forskargruppemedlemmar. Studentane skal også sende utdraget til heile forskargruppa.
6. Internasjonalt workshop
The topic of the seminar is the presentation of a project to an international audience and the challenges we as academics meet when we want to communicate our projects to colleagues from other legal cultures.
Før workshopen skal kvar student levera eit utdrag på 3-5 sider frå masteroppgåva på engelsk, som blir distribuert til andre studentar og lese som førebuing til seminaret. På workshopen skal oppgåva presenterast i 10 minutt for dei andre studentane, samt ein fagperson med omfattande internasjonal erfaring, før den vert diskutert basert på utdraget og presentasjonen.
7. Sluttseminar
Før sluttseminaret skal studenten levere masteroppgåva, med særleg vekt på eit utdrag på opp til 20 sider, til ein fagperson med kompetanse på doktorgradsnivå. På seminaret presenterer studenten masteroppgåva og utdraget, og fagpersonen kommenterer utdraget og heilskapen i masteroppgåva. Seminaret skal fungera som ei kvalitetssikring før ferdigstilling av avhandling for innlevering.
8. 30 timar rettleiing
Andre undervisningsaktiviterer vert tilbudd, men er ikkje obligatoriske.
Emneansvarleg kan gje meir informasjon om programmet for eit studieår.
Vurderingsformer
Masteroppgåve på maksimalt 37 500 ord.
Innleveringsfrist: fredag i uke 25.
- Fot- og sluttnoter skal reknas med. Forord, forside, innhaldsforteikning, registre, litteraturliste og vedlegg reknast ikkje med.
- Oppgåve som overskrid ordgrensa vert ikkje sensurert.
- Obligatoriske undervisingsaktiviteter er vilkår for å levere oppgåve, og inngår difor i sertifiseringsgrunnlaget.
- Metodekunnskapen som studentane skal ha tileigna seg vert vurdert som del av vurderinga av masteravhandlinga
- Masteroppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.