Sjølvvalt emne
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KIN306
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og kinesisk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette emnet inneheldt eit sjølvstendig forskingsprosjekt på eit sjølvvalt emne innan det breie fagfeltet kinesiske studium.
Eit sjølvstendig studium gjev studenten moglegheit til å jobbe saman med eit medlem av den vitskaplege staben på eit utvald tema eller kreativt prosjekt. Idear til sjølvstendige studium kjem ofte innan eit kurs. Studentane kan óg utvikle kreative prosjekt innan tema som er relevante for kinesisk språk, litteratur eller samfunn.
Studentane må søke om å ta emnet, og finne ein rettleiar for det sjølvvalte emnet. Rettleiaren bør helst vere ein vitskapleg tilsett på ein norsk eller kinesisk lærestad for høgare utdanning. Kurset må først diskuterast med, og godkjennast av, den vitskaplege staben på kinesiskstudiet på UiB.
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har avanserte kunnskapar innan eit sjølvvald tema innanfor det breie feltet kinesiske studium
- har solide kunnskapar om teori og metode innan feltet
Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å nytte kunnskap frå feltet til sjølvstendige undersøkingar knytt til eit spesifikt forskingsområde
- er i stand til å nytte yrkesmessig relevante metodar og vanlege digitale verktøy
- er i stand til å sjølvstendig arbeide med forsking
Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å presist og forståeleg presentere og diskutere forskingsmateriale
- er i stand til å tileigne seg ny kunnskap på eit avansert akademisk nivå
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er eit obligatorisk krav å levere eigenutvikla litteraturliste til godkjenning innan ein gjeven frist kunngjort i Mitt UiB.
Utkast til prosjektrapport må òg leverast og godkjennast. Studenten er ansvarleg for å finne ein rettleiar, og må levere ein kort prosjektomtale som inneheldt ein tittel på prosjektet, ei forskingsrelevant problemstilling og ei litteraturoversikt på 800-1000 sider som studenten ikkje tidlegare har vorte gjeven som tilrådd eller obligatorisk litteratur i andre kurs. Rettleiar vil godkjenne prosjektomtale.
Søknad med vedlegg må sendast til institutt for framandspråk for godkjenning innan 1. mars i vårsemesteret. Obligatoriske arbeidskrav er kun gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Arbeidet i emnet skal resultere i ein semesteroppgåve på om lag 3000 til 3500 ord (vedlegg, fotnotar og litteraturliste ikkje medrekna) som kan leggast fram til vurdering. Semesteroppgåva må vere skriven på engelsk og følgje normar og konvensjonar for akademisk skriving.
Dei viktigaste vurderingspunkta er grad av deskriptiv og forklarande kvalitet. Studenten må gjere seg kjent med reglane for kjeldebruk og siteringsteknikk. Ved brot på desse reglane kan studenten verte mistenkt for juks eller forsøk på juks.
Semesteroppgåva vert berre vurdert i undervisningssemesteret. Det blir ikkje arrangert midtsemestereksamen i påfølgjande semester.