Grunnstoffenes kjemi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KJEM120
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi et grunnleggande introduksjon til uorganisk kjemi. Emnet omhandlar grunnstoffa sine kjemiske eigenskapar og korleis dei er plassert i Det periodiske system. Typiske trekk og slektskapsforhold mellom grunnstoffa og deira kjemiske sambindingar er vektlagt. Vidare inngår oppbygging og eigenskapar til sambindingane, mellom anna bindingsforhold mellom atom i molekyl, metall, salt og mineral. I emnet inngår rolla uorganiske sambindingar har i miljø og industri samt metalliona si naturlege rolle i biologiske system.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om grunnleggjande uorganisk kjemi, spesielt samanhengen mellom atoma sin elektronstruktur, plassering i Det periodiske system og forventa eigenskapar åleine eller i sambindingar.
- kjenner til korleis elementa er funne i naturen, korleis dei er produsert og kva eit gitt element kan nyttast til.
- kjenner til dei grunnleggjande og mest relevante sambindingar som vert danna av elementa, deira struktur og kjemiske og fysiske eigenskapar.
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklare og samanlikne dei kjemiske og fysiske eigenskapane til elementa i det periodiske system og deira sambindingar.
- kan knyte strukturen av ei uorganisk sambinding til sine eigenskapar.
- kan diskutere elementa og deira sambindingar på basis av kjemiske bindingslære.
- kan beskrive uorganisk kjemiske reaksjonar og sette opp tilsvarande balanserte reaksjonslikningar.
- kan utleie namn frå formelen på kjemiske sambindingar og vise versa.
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle dei sentrale innhaldet i faget både skriftleg og munnleg og ved hjelp av typiske uttrykksformer i faget (f.eks. kjemiske reaksjonslikningar og strukturteikningar).
- kan identifisere og assimilere relevant kunnskap fra undervisningsmaterialet gjennom førelesningar, gruppearbeid og på egen hand.
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger, 4 timer i uken i 14-15 uker.
Kollokvier, 2 timer i uken i 12 uker.
Oppgaveløsing (digitalt innlevering), 6 à ~40 minutter
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på minst 8 kollokvium.
Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i 5 påfølgande semester etter godkjenninga
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Midtsemestervurdering (2 timar). Utgjer 30% av karaktergrunnlaget.
- Skriftleg digital slutteksamen (4 timar). Utgjer 70% av karaktergrunnlaget
Utfyllande eksamensregler:
1. Midtsemestervurdering er gyldige i 1 påfølgande semester.
2. I semester med undervisning:
Studentar med godkjend obligatoriske undervisningsaktivitet frå tidlegare semester skal gå opp til midtsemestervurdering og avsluttande eksamen.
3. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering kan ta avsluttande eksamen, som då utgjer heile karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare kan ikkje avleggje eksamen.
Karakterskala
Vurderingssemester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidegare emneevalueringar: