Kjemididaktikk

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek opp kjemien sin eigenart samanlikna med dei andre realfaga og kva konsekvensar han medføra for elevane sin læring. Vi ser på eksemplar for korleis kjemisk tenking har utvikla seg og korleis dette kan brukast i undervisninga. Emnet drøftar ulike arbeidsformar som til dømes presentasjon av fagstoff, forsøk, diskusjonar i heilklasse eller i gruppa, bruk av modeller og modellering og oppgåveløysing. Bruk av læreplanen og læremidlar for planlegging av undervisninga og ulike vurderingsformar blir diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om korleis tenking i kjemi har utvikla seg
  • har avansert innsikt i ulike måtar å fremje elevaktiv læring på

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere kompetansemål i læreplanen og omsetje læreplanmål til undervisningsopplegg
  • kan anvende sentrale taksonomiar og prinsipp for summativ og formativ vurdering tilpassa kompetansemål og elevgruppa

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte sentrale utfordringar i kjemiundervisninga med kollegaer og bidra til fagdidaktisk utvikling
  • kan analysere egen og andres undervisning og grunngi val av ulike metodar
  • kan frastille idéar frå vitskaplege tekstar og deira betydning for undervisning

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 5 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

Emnet blir undervist siste gang høsten 2026.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid.
Arbeids- og undervisningsformer
40 timar (forelesing og seminar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fire obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til skulepraksis eller forelesingstema

(Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande).

Vurderingsformer
Muntlig eksamen (andre semester).
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Haust og vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.
Institutt
Kjemisk institutt