Skolekorpsleiing

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Direksjon

- Dirigering- og instruksjonsteknikk

- Instrumentkunnskap

- Repertoarkunnskap og tilrettelegging av repertoar

Pedagogikk/Didaktikk

- Didaktisk relasjonstenking

- Tilrettelegging

- Kjennskap til grunnleggjande pedagogiske prinsipp relatert til praktisk leiing av korps

Adminstrativ leiing/verksemd

- Kva dirigentrolla rommar i skulekorpskontekst (samspel med andre aktørar rundt korpset)

- Framdriftsplan/Undervisningsplan for korpset

- Konsertproduksjon

Metodikk

- Prøveteknikkar

- Situasjonsmetodikk

- Instrumentalmetodikk

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet har oppnådd følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

  • kan leie eit skulekorps (aspirantkorps, juniorkorps, hovudkorps)
  • har kunnskap om og evne til å vere til stades for born og unge
  • kan planlegge og sette klare pedagogiske mål med skolekorpsleiing
  • kan velje relevant repertoar for gruppa

Ferdigheiter:

  • kan leie og instruere øvingar og konsertar

Generell kompetanse:

  • kan reflektere over eigen praksis

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet går over to semester med studiestart i haustsemesteret og eksamen i vårsemesteret

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha erfaring frå arbeid med barn og ungdom i korps.
Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til Skolekorpsleiing.

Studenten må ha leiaransvar/dirigere eit eige korps.

Emnet har begrensa plass. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta emnet enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte slik:

1. Søkjarar med fullført bachelorgrad med minimum 60 studiepoeng musikk

2. Søkjarar med anna relevant utdanning på høgskolenivå

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Normalt to helgesamlingar à 18 timar per semester
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på to helgesamlingar per semester.
  • Innlevering av to oppgåver knytte til tema rundt skolekorpsleiing.
  • Ha jamlege øvingar med eige korps mellom samlingane
  • Dei obligatoriske arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein student kan gå opp til eksamen.

    Vurderingsformer

    Eksamen består av to delar som vert vekta likt.

    1. Praktisk direksjon: 15-20 minuttar innstudering med eit skolekorps.

    2. Ei skriftleg oppgåve om drift av skolekorps som tema.

    Karakterskala
    Greidd / Ikkje greidd
    Emneevaluering
    Evaluering blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Institutt

    Griegakademiet - Institutt for musikk

    evu@grieg.uib.no