Kunsthistoriefagets teori, metode og historiografi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUN201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi ei djupare innsikt i kunsthistoria som fagdisiplin og i studiet av visuell kultur og ved å presentere nokre av dei sentrale analytiske strategiane, omgrepa og teoriane som har prega faget.
Ein vektlegg metodiske, historiografiske og kunstteoretiske perspektiv og tek opp sentrale teoretiske, analytiske og kritiske posisjonar som har prega kunsthistoriefaget både historisk og i dag. Ein vil til dømes kunne tematisere strukturalisme og semiotiske perspektiv, så vel som feministiske, poststrukturalistiske, postkoloniale eller andre posisjonar.
Kunnskap om kunsthistoriografi, kunstteori og kunsthistorisk metode er naudsynt for å arbeide med kunsthistorie og visuell kultur i sin heilskap.
Undervisninga er både tematisk og historisk organisert. Ein legg vekt på å drøfte sentrale grunnomgrep og teoretiske tradisjonar slik dei trer fram hjå kunsthistorikarar og -teoretikarar og i relasjon til konkrete døme frå kunst og visuell kultur.
Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten
- har oversyn over sentrale omgrep og teoretiske tradisjonar i kunsthistoriefaget
- kjenner og kan gjere greie for hovudlinjer i kunsthistoriefagets historie
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere kritisk og sjølvstendig kring teoretiske og metodiske problem i kunsthistoriefaget
- kan skrive sjølvstendige analytiske tekster i tråd med normer og reglar for akademisk skriving
- har erfaring med å arbeide i gruppe, med å gi kommentarar på andre sitt arbeid og med å få tilbakemeldingar på eige
Generell kompetanse
Studenten
- er godt førebudd på å forstå, og ta del i teoretiske grunnlagsdebattar innan kunsthistorie og visuell kultur
- er godt førebudd til fagleg, akademisk arbeid på masternivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminarundervisning. Seminarundervisninga vil normalt ha eit omfang på rundt 15 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.