Kunsthistorie: prosjektførebuing og oppfølging
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KUN311
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er ein praktisk og teoretisk innføring i forskingsarbeid og akademisk kultur. Tema for kurset er litteratursøk og referansesystem, digitale verktøy og elektronisk bruk av bilete, kunstvitskaplege metodar og framstillingsformer. Tema for seminaret er aktuelle forskingsfelt for ei mastergradsoppgåve. Her møter studentane vitskapleg tilsette og forskingsmiljø og kulturinstitusjonar som samarbeider med fagmiljøet.
Emnet skal gje studentane ei djupare forståing av forsking generelt og i kunsthistorisk forsking spesielt.
Læringsutbyte
Emnet gjev kompetanse i vitskapleg forsking og framstilling.
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- grunnleggjande kunnskap om eit avgrensa tematisk fagområde som skal handsamast i masteroppgåva
- ei klart formulert problemstilling for masteroppgåva
- kjennskap til relevant faglitteratur og kjelder for masteroppgåva
- god forståing for tydinga av problemstilling, vitskapeleg metode og disponering i samband med arbeidet med ei masteroppgåve
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- planleggje eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
- vurdere nytteverdien til ulike kunsthistoriske metodar for eiga forsking
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- formulere eit tematisk og metodisk avgrensa forskingsprosjekt på masternivå
- tileigne seg ny kunnskap om teater og i samråd med fagfeller føreslå vitskapeleg handsaming av dette
- utforme ei prosjektskildring i tråd med akademiske normer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på kurset og seminaret er obligatorisk, og blir godkjend med 20 prosent fråvær.
Studenten skal halde eit munnleg innlegg på seminaret om eit sjølvvald emne for ei masteroppgåve. Det munnlege innlegget skal ikkje vara lenger enn 30 minutt. Studenten får rettleiing etter behov av ein kontaktperson/mellombels rettleiar som fagkoordinator oppnemnar.
Obligatorisk aktivitet er berre gyldig i undervisingssemesteret.