Historiografi og teori
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KUN312
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er obligatorisk i mastergraden i kunsthistorie.
Emnet tek opp sentrale figurar og tema i kunsthistorisk vitskapshistorie og sentrale tolkingsproblem i kunsthistorisk forsking
Læringsutbyte
Emnet tek sikte på å gje studentane grunnleggjande teoretisk og historiografisk kunnskap med vekt på nokre sentrale forfattarar og deira hovudtema.
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- avanserte kunnskapar om utvalde felt innanfor kunsthistoria
- avanserte kunnskapar om kunsthistoriografiske teoriar og metodar
- god forståing for vitskapsteoretiske problemstillingar i kunsthistoriefaget
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- samanlikne og vurdere ulike kunsthistoriografiske standpunkt
- analysere ein kunsthistorisk tekst ut frå historiografiske perspektiv
- utøve kunsthistorisk kjeldekritikk
- gjere bruk av argumentasjonsmåtar og framstillings- og dokumentasjonsteknikkar i kunsthistorisk forsking i dag
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- drøfte ulike måtar å framstille kunsthistoriske tema
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
2 skriftlege tekstar:
- To kortare akademiske tekstar
Ein leverer tekstane til fastsette fristar gjennom semesteret. Kvar mappeoppgåve skal vere på 3-5 sider.
2 munnlege presentasjonar av pensumtekstar (10 minutt introduksjon til ein pensumtekst).
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisingssemesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Mappa skal innehalde:
- 2 skriftlege oppgåver, videreutvikla frå dei tidlegare innleverte oppgåvene.
Oppgåvene skal ha eit omfang på 6-8 sider kvar, og skal leverast samla til fastsatt frist.