Kunsthistorie mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- KUN350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Masteroppgåva er tyngdepunktet i masterstudiet. Arbeidet skal vere forskingsprega, og skal munne ut i ei sjølvstendig, vitskapleg undersøking og framstilling av eit kunsthistorisk materiale eller eit teoretisk problem innanfor visuell kultur i vid tyding.
Mastergradsstudiet tek sikte på å gje ei grundig innføring i kunsthistoriske og vitskaplege problemstillingar, og i kunstvitskapelege metodar og framstillingsformer. Gjennom arbeidet med mastergradsoppgåva skal studentane dokumentere at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.
Læringsutbyte
Mastergradsstudiet gir spesialkompetanse i kunsthistorie og allmenn forskingskompetanse som kan kome til nytte ved seinare arbeid i kulturinstitusjonar og kunnskapsbedrifter av ulike slag.
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- avansert og spesialisert kunnskap om eit avgrensa kunsthistorisk felt.
- avansert kunnskap om utvalde metodar og teoriar i kunsthistoriefaget
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- analysere komplekse grunnlagsproblem og nytte metodar i faget til å analysere og tolke biletkunst, arkitektur og til dømes skulptur i nye kontekstar
- relatere eksisterande kunnskap til nye kunstformer, teoretiske og kunsthistoriske problemstillingar
- nytte og reflektere kring teoriar og metodar på ein sjølvstendig måte
- gjere sjølvstendige, kritiske vurderingar av kunsthistoriske kjelder og utforme sjølvstendige, faglege resonnement
- gjennomføre eit større, sjølvstendig kunsthistorisk forskingsprosjekt under rettleiing, innan gitte tidsrammer og i tråd med forskingsetiske retningsliner
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- analysere relevante faglege problem
- nytte kunnskapen sin på nye område, og gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan kulturfeltet og offentleg kulturforvalting
- med fagleg tyngde ta del i diskusjonar om kunst- og kulturhistoriske spørsmål innanfor rammene av institusjonane i kulturfeltet og nytte kunsthistoriefaget sin terminologi
- formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for både spesialistar og eit breiare publikum, og opptre som sakkunnig deltakar i faglege debattar på spesifikke felt
- vere med på å utvikle og påverke kunsten si rolle i samfunnet gjennom arbeid med til dømes forvalting, innkjøp, utstillingar og utforming av pedagogiske opplegg
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidsseminar for masterstudentar. Det er forventa at studentane møter, og leverer inn utkast til desse. Studentar skal òg gje fagfellekommentarar på medstudentar sine arbeid.
Undervisingsformene er rettleiing og seminar med aktiv studentdeltaking.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg masteroppgåve med justerande munnleg prøve. Den munnlege prøva kan justere karakteren på masteroppgåva med éin bokstavkarakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Mastergradsoppgåva er eit skriftleg arbeid som byggjer på eit sjølvstendig studium av eit forskingsfelt. Oppgåva skal vera på 70-110 tekstsider og skal svara til ein samla arbeidsinnsats på to semester (60 studiepoeng).