Innføring i kulturvitskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kulturvitskapen studerer dagleglivets kultur, det vil seie førestillingar, trusoppfatningar, verdiar og haldningar som styrer våre handlingar i kvardagen. Emnet gir ei innføring i kulturvitskapens tenkemåte ved å analysera utvalde tema som er sentrale i faget, som til dømes kulturarv, populærkultur, etnisitet, kjønn og førestillingar om helse og sjukdom. Kulturelle prosessar i samtid og fortid vert presentert og dannar utgangspunkt for diskusjonar om betydinga av kultur i våre liv.

Emnet tar sikte på å gi ei innføring i kulturvitskaplege perspektiv og problemstillingar. Emnet skal gi studentane kunnskapar dei kan byggja på ved seinare studiar i kulturvitskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

KunnskapStudenten- har tileigna seg kunnskapar om utvalde kulturelle tema.- har fått grunnleggjande innsikt i kulturvitskaplege tenkjemåtar.

FerdigheiterStudenten- har tileigna seg oversikt over viktige tema i faget og kan skriva ein resonnerande tekst som omhandlar desse tema.

Generell kompetanseStudenten- kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn frå fagområdet.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, seminar og rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere inn eitt utkast til eksamensoppgåva, på minst 750 ord. Innleveringsfrist vert annonsert i MittUiB. Faglærar gir skriftleg tilbakemelding. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg semesteroppgåve. Lengda på oppgåva skal vere om lag 1500 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk..

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste

Pensum er om lag 800-1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.