Frå teori til metode
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KUVI301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet presenterer ei rekke sentrale kulturteoriar som er relevante for kulturvitskap. Studentane skal sette seg inn i desse teoriane og kunne kritisk vurdere dei, og kunne greie ut om korleis dei kan nyttast i forsking. Undervisninga gir studentane grunnlag til å forstå og velge ut kulturteoriar som kan nyttast i ei rekke forskingskontekstar, og koble dei til metodar nytta i faget. Studentane vil utvikle kritiske evalueringsferdigheiter gjennom presentasjonar av og diskusjonar om kjernelesing i seminara.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har ekspertise på ei rekke kulturteoriar og korleis dei vert nytta metodisk.
- kan basere vala sine på kulturvitskaplege tilnærmingar i arbeidet med empirisk materiale.
- kan plassere kulturteoriar i breiare humanistiske kunnskapstradisjonar.
- har god kunnskap om ulike fagtradisjonar i kulturvitskap.
Ferdigheiter
Studenten
- kjenner til og kan diskutere ulike definisjonar av kultur og relaterte omgrep.
- kan bruke kulturteori til å analysere eit empirisk materiale.
- kan kritisk diskutere kulturteoriar og presentere grunna vurderingar av dei, både skriftleg og munnleg.
Generell kompetanse
Studenten
- kan forstå og tolke teoretiske tilnærmingar og korleis dei vert nytta i forsking.
- kan formidle eigen kunnskap skriftleg og munnleg.
Studiepoeng, omfang
15 stp
Studienivå (studiesyklus)
300-nivå
Undervisningssemester
Haust
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til eit masterprogram ved det humanistiske fakultet ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar eller seminar. Undervisninga går føre seg i heile semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta på seminar og presentere. Nærmare retningslinjer for dei obligatoriske undervisningsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldig i eitt semester etter at dei var godkjende.
Vurderingsformer
Seks timers skoleeksamen. Det er forventa at eksamensoppgåvesvaret er på inntil 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamensbesvarelsen kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala fra A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust / vår
Litteraturliste
Litteraturlista er på om lag 1200 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Litteraturliste og et utvalg kjernetekster.
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap