Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane djupnekunnskap om den historiske, sosiale og kulturelle relevansen av skeiv teori i ein internasjonal kontekst.

Emnet er praksisretta på den måten at studentane skal samarbeide digitalt om ei rekke oppgåver med ei studentgruppe frå eit anna universitet (i fyrste omgang Florida Gulf Coast University). Samarbeidet skal munne ut i eit objekt (film, podcast, fotoessay, intervju, eller liknande) som skal kunne integrerast i eit tenkt Bergen-internasjonalt skeivt arkiv. Arbeidet med objektet skal danne utgangspunkt for den einskilde student sitt refleksjonsessay.

Emnet skal formidle forståing for internasjonalt samarbeid, kritisk og etisk tenking, kreativitet og digital kompetanse for tileigning og formidling av kunnskap. Emnet tar opp tema som heteronormativitet; korleis normative strukturar formar samfunn i ulike historiske og geopolitiske kontekster; korleis normative strukturar blir etablerte, oppretthaldte og utfordra; korleis normative strukturar formar den einskilde si forståing av seg sjølv og andre; forholdet mellom ulike identitetskategoriar som kjønn, seksualitet og funksjonsevne; forholdet mellom teori, kunnskap, vitskap og praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til sentrale tekstar og tema om skeiv teori og transteori.
  • har kunnskap om korleis normative strukturar formar individuell og kollektiv forståing av seg sjølv og andre i ein global kontekst.
  • har kunnskap om korleis kjønn og seksualitet strukturerer både samfunn og individuelle liv.
  • Forstår korleis ulike maktstrukturar (som rase, klasse, kjønn, seksualitet, språk, alder, religion, og funksjonalitet) verkar saman i konstitueringa av individ og samfunn.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere korleis normativitet, og særleg heteronormativitet, er verksam i ulike kulturelle uttrykk.
  • kan reflektere kritisk over politiske og kulturelle kontekstar for skeiv teori.
  • kan ta i bruk skeive perspektiv for å undersøke eigne oppfatningar.
  • kan reflektere over moglegheiter for å skape endring.
  • kan utvikle metodar for kritisk refleksjon over omgrep og fenomen som er kopla til mangfold.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan samarbeide med andre for å løyse oppgåver og utvikle internasjonalt relevant kunnskap
  • kan tenke kritisk og kreativt om aktuelle samfunnsutfordringar
  • kan bruke ulike digitale verktøy for tileigning og formidling av kunnskap
  • har utvikla etisk følsamheit og forståing for globale forskjellar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Det er 25 plassar på emnet. Studentar blir prioriterte ut frå dei følgande kriteria:

1. Dei er knytte til bachelorprogrammet i kjønnsstudium

2. Dei er knytte til årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfold

3. Avlagde studiepoeng

Oppmeldingsfristen er 14. januar 2024.

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformer er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og seminar. Studentane møtest normalt til førelesing, seminar og digital oppgåveløysing i tre timar i veka (to timar digitalt saman med internasjonale studentar, og ein time offline med studentar i Bergen).

Førelesningane legg til rette for studentaktivitet, til dømes i form av problembasert læring, der studentane må reflektere og utvikle løysningar i fellesskap.

I samband med seminarundervisning vil det bli høve til å gi og få tilbakemelding på studentaktivitetar.

I tillegg til den regulære undervisinga er det forventa at studentane arbeider i internasjonale grupper digitalt, for å utvikle produkt som kan inngå i eit tenkt internasjonalt skeivt arkiv.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte og deltaking på førelesingar og seminarundervising (minimum 75%).
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Eksamen har form som ei mappe beståande av
  • 1) eit produkt tiltenkt eit imaginært internasjonalt skeivt arkiv. Produktet blir utarbeidd i grupper.
  • 2) eit individuelt refleksjonsessay på cirka 3000 ord, der den einskilde student reflekterer over det innleverte produktet og arbeidet med det, i lys av teoretiske tekstar på pensum.
  • Mappa får ein samla karakter, som i hovudsak er basert på den essayistiske refleksjonen over produktet i lys av pensum.
Karakterskala
Mappeoppgåva får bokstavkarakter etter skalaen A, B, C, D, E, F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for kjønnsstudium har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Senter for kvinne og- kjønnsforskning har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.