Innføring i latin
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LAT100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Studentane skal vere i stand til å lese og skjøne enkle latinske tekstar med god grammatisk og leksikalsk innsikt.
Innhald
Emnet gjev ei elementær innføring i latinsk språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte latinske prosatekstar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten har grunnleggjande kjennskap til latinsk språk og grammatikk.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av grammatikk og ordbok
- analysere syntaktiske trekk i latinska tekstar
- omsetje latinska prosatekstar til eit moderne språk.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over elementarboka) og øvingar i praktisk språkmeistring.
Om lag 48 timer med normalt 4 timar undervisning i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må få godkjent:
1. Obligatorisk frammøte på førelesingane (minimum 75%).
2. Minimum 3 øvingsoppgåver i samband med undervisning.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen på 6 timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.