Latin: Teori og metode med prosjektførebuing
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- LAT308
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Studiet vil gi kandidaten kjennskap til klassisk filologisk og annen lingvistisk og litteraturvitskapleg teori og metode som blir nytta i studiet av greske tekster. Kandidaten skal arbeide mot å utarbeide ein sjølvstendig plan for masterprosjektet.
Innhald: Emnet kan og omfatte f.eks. innføring i epigrafikk, papyrologi, paleografi og/eller kodikologi, eller orientering i det vitskaplege studiet av monument frå antikken og mellomalderen. Kandidaten studerer teori og metode som har samanheng med emnet i masteroppgåva. Kandidaten leser seg opp på forskinga på feltet dei skal skrive oppgåve i, og utarbeider i den samanhengen ei prosjektskisse
Læringsutbyte
KunnskapInnsikt i emnet og det teoretiske og metodiske grunnlaget for oppgåvearbeidet.
FerdigheiterRøynsle med å vurdere sentrale teoretiske og metodiske problem på grunnlag av latinske tekster.
Generell kompetanseRøynsle med å vurdere fagstoff av teoretisk og metodisk art.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av rettleiing. Ein deltar også på eit metode- og oppgåveseminar, som famnar om alle på masternivå. Utkast til prosjektskisse blir lagt fram til diskusjon i metode- og oppgåveseminaret.
Arbeidet med å tenke på emnet for masterprosjektet og prosjektskisse, bør starte i første semester parallelt med at ein les LAT301-303 og deltar i metode- og oppgåveseminaret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Prøveforma er innlevering av den ferdige prosjektskissa som skal ha eit omfang på omlag 10 sider.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.